nyhende

Gåvekort kan enkelt kjøpast inn på nett, gjerast personleg og sendast rett til mottakar, enten i konvolutt eller digitalt. Du kan også gi gåvekort på deg sjølv, i form av tenester og aktivitetar. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Gåvekort kan enkelt kjøpast inn på nett, gjerast personleg og sendast rett til mottakar, enten i konvolutt eller digitalt. Du kan også gi gåvekort på deg sjølv, i form av tenester og aktivitetar.

Forbrukarrådet: Gi gåvekort til jul, og sørg for at det treffer

Publisert Sist oppdatert

Gåvekort er ei smart julegåveløysing når ein ikkje veit heilt kva mottakar ønskjer seg eller treng, seier Forbrukarrådet. Det åtvarar samtidig mot fallgruvene.

Mange brettar no opp ermane for å få julegåvene i hamn, og i det høvet kjem Forbrukarrådet fredag med oppdaterte tips og råd.

(Lenkja i saka er ikkje aktiv før Forbrukarrådet lanserer sida klokka 13 fredag.)

– Fellene er mange når vi skal plukke ut gåver. Kva klesstorleik er det tantene brukar? Kva slags ski er det eigentleg niesa di ønskjer seg? Og kva med den som ikkje ønskjer seg noko, men som du veit blir glad for ei lita gåve likevel? Ei enkel og rask løysing er gåvekort, så kan folk kjøpe det dei helst vil ha, seier forbrukarjurist Caroline Skarderud til NTB.

Eit gåvekort kan både gjerast meir personleg enn pengar, og du kan gi miljøvennlege gåvekort på tenester eller til gode formål til den som har alt, men likevel set pris på ei merksemd.

Ikkje minst er det enkelt å kjøpe gåvekort på nett. Det er ein fordel i desse tider, når moglegheita til å gå i butikkar kan vere avgrensa. Ikkje berre skal vi sørgje for å halde avstand, mange er no i karantene eller isolasjon, og får ikkje gå ut.

Skulle smitteverntiltaka bli stramma inn framover, kan det bli komplisert å byte konkrete gåver for mottakar.

Sjekk skuffa først

Før du kjøper gåvekort, sjekk di eiga gåvekortbehaldning og bruk dei i årets julehandel. Kanskje ligg det noko gløymt i eit julekort frå onkel eller bestemor?

– Mange gløymer gåvekorta i ei skuffe etter jul, berre for å oppdage at dei er gått ut når ein finn dei igjen, seier Skarderud.

Hugs at gåvekort som regel ikkje kan bytast i nye gåvekort. Viss du ikkje treng nokon ting, hugs at mange julekort kan brukast til å kjøpe julemat i daglegvarebutikkar.

Tips til gåvekortkjøp

Når du skal kjøpe til andre, sørg for å kjøpe gåvekort som kan brukast breitt og lenge. Kjøpar du gåvekort i ein nisjebutikk eller til éi type oppleving, og det varer berre eitt år, aukar risikoen for at det ikkje blir brukt. Særleg i periodar med avlysingar og avgrensa tilgang kan det vere greitt å ha litt utvida tidsfrist til å bruke gåvekort, særleg viss det er øyremerkt opplevingar som føreset omgang med andre.

Forbrukarrådet seier gåvekort på opplevingar som kino, teater, konsertar og restaurantbesøk, er populære julegåver, dei er òg klima- og miljøvennlege.

Gåvekort er òg smart om du vil støtte ei bestemd sak eller ein velgjerande organisasjon. Kanskje vil du sende eit signal med å gi gåvekort i gjenbruksbutikk?

By på deg sjølv

Skarderud tipsar òg om å gi gåvekort på deg sjølv.

– Du kan gi eit gåvekort på nokre timar med di hjelp til nokon som slit med å skru saman Ikea-møblar, snikre, luke eller måke snø. Hobbykokkar kan gi eit kurs i matlaging med etterfølgjande middag. Hageentusiastar kan gi kurs i nedklipping av frukttre og gjødsling. Lista er uendeleg.

– Felles for slike gåver er at dei er meir personlege enn ein kjøpt ting. Er ein fattig student eller har skrapa kontoen før jul, kan ein likevel komme i mål med gåver som er populære og blir hugsa lenge etter jul, seier Skarderud.

Auka gåvekortsal

Universal Presentkort er ein av dei største tilbydarane av gåvekort og har vore i bransjen sidan 1924. Dagleg leiar Knut M. Ore seier dei merkar auka sal.

– Vi sel rundt 250.000 kort i året, der svært mykje blir selt i forkant av jula. Hos oss er 95 prosent av salet til bedrifter som kjøper gåver til tilsette, seier Ore.

– Det er ein sterk trend at arbeidsgivar gir ei ekstra påskjøning etter tunge periodar med heimekontor og avlyste julebord og arrangement. Dei ønskjer å gi noko som gjer at tilsette kjenner seg inkludert og sett pris på, seier Ore.

(©NPK)

Tromsø 20200331.Det har falt mye snø i Tromsø de siste dagene. Her freser Bjørn Johansen innkjørselen sin.
Powered by Labrador CMS