nyhende
Forandring frydar
Etter nær 14 år som heimeverande var Åse Marie Løkling klar for arbeidslivet. På kort tid stod ho som eigar av ikkje berre ein, men to butikkar.
Frå lokalet på Gard-senteret nord i Haugesund høyrest den summande lyden frå ein kjøkenmaskin på bakrommet. To smoothiar er i bestilling, tilsett Berit Hidle diskar opp. Butikken består av ein kafékrok, garnavdeling, grøne planter, bukettar og interiør.
Ønskte å veksa
Åse Marie Løkling opna sin andre butikk for nær to veker sidan, og trebarnsmora frå Sveio har verkeleg fått kvardagen sin snudd på hovudet. Butikken ho kjøpte først er på Moster. Den er alt godt opparbeida, men ho ønskte seg ein til med større potensiale for vekst – og ikkje minst med eige preg.
Det har blitt litt magert med søvn dei siste to månadane, og i den eine ferieveka fekk Løkling unna mykje papirarbeid frå Sørlandet. Men forandring frydar.
Balanse i oppgåvene
– Dette kjennest heilt rett, eg storkosar meg. Det er mykje å ta seg til, alt frå å bestilla varer, laga oppsatsar, snakka med kundar og sjølvsagt det administrative og papirarbeid. Så lenge det er ein god balanse i alt, er det bra, seier sveibuen. Frå før av veit ho litt om korleis det er å driva for seg sjølv, då ho har gitt ut ei dagbok for strikkarar.
Ei som er glad for at Frøken Fryd har opna, er Solveig Indbjo som bur i nærleiken.
– Det er ein veldig fin butikk, her kan ein til dømes finna vertinne- og bursdagsgåver, og setja seg ned med ein kopp kaffi. Gard-senteret trengte dette nett no, seier Indbjo før ho ruslar vidare.
God hjelp frå mora
Det har vore mykje å setja seg inn i, spesielt handtering av blomar. Butikken på Moster kjøpte ho 1. mars i år, heldigvis har ho fått god opplæring av den førre eigaren, samt at ein gartnar er med i staben.
God støtte er det også i mora Berit Hidle. På sett og vis driv dei i lag.
– Ikke sant, mamma? spør Løkling, og slår brått over til flytande austlandsk. Ho er oppvaksen i Holmestrand, men dei kom til Vestlandet då Åse Marie var åtte år. Snart får også Berit adresse i Sveio, då ho skal forlata Bømlo til fordel for Lid-krinsen.
Eit mannskap på seks er knyta til dei to butikkane, dei fleste vikarar.