nyhende
– For mykje krangling i Sveio
– I nabokommunane har politikarane vore meir samla om store avgjerder. Her i Sveio har det vore for mykje krangling, sa KrF sin ordførarkandidat Jarle Jacobsen under ein paneldebatt i Vigdartun tysdag kveld.
Jacobsen svarte på eit spørsmål frå debattleiar Knut Netland om kva Sveio kan læra av nabokommunar der det har lukkast å etablera klynger av næringsverksemder.
Det var brei semje i panelet om at Sveio kan og må bli betre på tilrettelegging. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) kommenterte rett nok Jacobsen sitt innlegg med at det ikkje har vore så mykje usemje blant politikarane, men derimot ei viss uvilje mot å ta avgjerder.
Varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) følgde opp med ein sterk appell om prioritering.
– Me vil så mykje. Dermed hopar det seg opp med saker som me vil ha utgreidde. Me
må bli mykje flinkare til å velja ut kva som er viktigast og følgja opp desse sakene, sa Eriksen mellom anna.
– Historisk sjanse
Debatten i Vigdartun var den første av fire folkemøte som skal avviklast i Sveio før valet. Arrangør var Sveio Næringsforum, og temaet var, naturleg nok, næringspolitikk. I ei innleiing før debatten starta, drog Per Ove Økland frå styret i Sveio næringsforum opp eit bakteppe der han mellom anna sa at Haugalandet og Sunnhordland i dag står overfor sjansar til utvikling som regionane aldri har hatt tidlegare.
Han nemnde blant anna satsinga på havvind og annan energiproduksjon, planar om hydrogenproduksjon på Kårstø og batterifabrikk på Gismarvik. Økland nemnde også ringverknadene Sveio kan få av fiskerihamna i Langevåg, monteringsbasen for havvindmøller på Dommersnes og industriverksemda på Leirvik. Økland kom også med ei generell oppmoding om å satsa i grenseområda mot nabokommunane, slik det alt er gjort med stor suksess på Ekrene.
Få fart på planarbeidet
Knut Netland frå TV Haugaland var leigd inn som leiar for debatten. Ti av dei elleve listene som stiller til val i Sveio var representerte med sine ordførarkandidatar i panelet. Industri- og næringspartiet hadde ikkje høve til å stilla.
Den første som fekk ordet i innleiande runde, var Asle Halleraker frå Tverrpolitisk Fellesliste. Han nemnde først behovet for vidareutvikling av sentrum med handelsverksemd som kan demma opp for den store handelslekkasjen frå Sveio. Men han la også vekt på å ta heile kommunen i bruk. Fullføra sentrumsplanen og kommuneplanen og sikra tilstrekkeleg med næringsareal var blant dei verkemidla Halleraker ville prioritera.
Fleire var opptekne av å få fart på planarbeidet, mellom desse André Mundal Haukås (H).
– Me har ikkje vore gode nok på planprosessar. Utanfrå får me av og til spørsmål
om Sveio ikkje ønskjer utvikling, sa Haukås med tilvising til at kommunepolitikarane allereie har brukt åtte år på å revidera kommunenplanen.
Næringssjef
Ruth Vihovde Strand (V) omtalte partiet sitt som eit miljøparti med næringsvit. Deira fremste forslag for å få fart på næringslivet og auka talet på arbeidsplassar i Sveio, var å oppretta stilling for næringssjef, etablera næringsfond for nyetablerarar, skaffa meir kraft og overføringsliner, blant anna ved å satsa på lokale solcelleparkar og vera med på utvikling av anlegg for bølgekraft.
Næringsjef eller tilsvarande funksjon var fleire av politikarane inne på. Monica Vandaskog Valen (Sp) var inne på at stillinga kunne vera offentleg eller privat, men med kommunal finansiering. Som alternativ nemnde ho dagleg leiarstilling i næringsforumet som eksempel.
Valen var elles blant dei som nemnde at satsinga på nye næringsareal må utviklast langs E39 og langs kommunen si lange sjøline. I denne samanheng kom blant anna spørsmålet om baseområde for havvindsatsinga opp. Både ordførar og varaordførar nemnde det samarbeidet kommunen alt har med Karmsund interkommunale havnevesen for å vurdera næringsområde til sjø.
Eigedomsskatt
Heller ikkje Linn Therese Erve var imot næringssjef eller tilsvarande, men spurte dei andre i panelet korleis ei slik stilling skulle finansierast.
Jarle Jacobsen meinte rådmannen må få i oppdrag å finna plass til stillinga gjennom omorganisering, medan Olav Østebø Olsen (SV) nemnde gjeninnføring av eigedomsskatt som eit alternativ. Dette siste fekk særleg motbør frå Ruth G. Ø. Eriksen.
– Ikkje eigedomsskatt på næringseigedommar og konkurransedyktige avgiftssatsar er blant Sveio sine fremste verkemiddel for å tiltrekkja seg nye verksemder, sa ho.
Jordvern
Sjølv om debatten var prega av stor velvilje til næringsutvikling frå alle parti, kom også ulikskapane godt til syne. Medan Jon Bernhard Tollaksen Mølstre i Liberalistene ønskte alle slag næringsverksemder, store og små, velkommen til Sveio, gjorde Kjartan Moe Hustvedt (MDG) det klart at dei ikkje vil ha vindmølleparkar i kommunen.
Derimot var han for jordvern og såg gjerne at sveibuar fin måtar å tena pengar på det han kalla den største ressursen, nemleg urørt natur. Ingen var imot jordvern og utvikling av landbruket med attåtnæringar, men Halleraker presiserte at han ikkje vil ha villsvin. Og Erve med fleire meinte det må bli lettare å skilja ut bustadtomter frå gardsbruka.
Også Olav Østebø Olsen la vekt på grøn omstilling. Difor må all utbygging koma i allereie bebygde område, sa han. I sjønære område vil SV prioritera næringsverksemder framfor hytter og bustadhus.
Hemmar utvikling
Mot slutten av møtet fekk dei mellom 30-40 tilhøyrarane i salen sleppa til med spørsmål. Ein av dei som tok ordet, og viste eit godt eksempel på korleis manglande planar hemmar utvikling av næringslivet, var Thor Kinn frå Haukås bensinstasjon og veksemdene rundt denne.
– Me prøver blant anna å få på plass ein ladestasjon, men blir stoppa av at det ikkje er
tilgang på nok kraft. Me vil gjerne etablera ein vaskehall, men blir stoppa av manglande kloakknett, sa Kinn blant anna.
Nøgd med svara
– Eg er optimist etter denne debatten. Me fekk gode svar som viser tverrpolitisk vilje til
å satsa på næringsutvikling, seier Per Ove Økland i Sveio næringsforum etter møtet.
Som fleire av politikarane også var inne på, meiner Økland det vil vera klokt å tilrettelegga store næringsareal sjølv om ein ikkje har interessentar på plass.
– Dette vil mellom anna skaffa sysselsetjing til anleggsverksemdene som alt er etablert i Sveio, seier han.