nyhende
– For meg blir det viktigast å få gjennomført dei prosjekta kommunestyret har bestilt
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Linn Therese Erve, Ap.
– Å sikra fortsatt bygging av ny kommunal barnehage i Sveio sentrum var heilt klart den viktigaste saka for meg og Sveio Arbeiderparti.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– For meg blir det viktigast å få gjennomført dei prosjekta kommunestyret har bestilt. Det er saker og prosjekt som vil ha stor betydning for utvikling av kommune og tenestene. Av enkeltståande prosjekt er det særleg nytt helsehus som hastar. Her blir det viktig å få plass ei samlokalisering av helsetenester med god kvalitet så raskt som mogleg.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Jonas Gahr Støre. Norge treng fortsatt trygg styring, og det syter Støre for med ei Arbeiderpsti-leia regjering.
– Har du eit personleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Målet mitt er å gjeninnføre eit halvmaraton i løpet av 2026.