nyhende
For lite konkurranse i daglegvaremarknaden
Det er ulike meiningar om kvifor og korleis ein skal få bukt med stadig aukande matvareprisar. Forvaltninga, staten og maktpolitikarane synest å ha til dels ulike syn på korleis daglegvaremarknaden bør regulerast.
– For at forbrukarane ikkje skal betale meir for maten enn dei må, så er det viktig at konkurransen er så god som mogleg – og eg er bekymra for at han ikkje er det. Bransjen er prega av at det er vanskeleg for nye og små aktørar å etablere seg. Når dei etablerte ikkje lenger treng å vere uroa for nye konkurrentar inn i bransjen blir dei komfortable og heller ikkje tvungne til å gjere sitt beste, meiner næringsminister Cecilie Myrseth.
Onsdag var ho og Nærings- og fiskeridepartementet vertskap for eit seminar der konkurransesituasjonen, dei høge matprisane og kva som er bakgrunnen for prisauken dei siste åra blei diskutert. Norgesgruppen, Reitan-gruppa og Coop har samla sett nærmast monopol på daglegvarer her i landet.
Ulike innkjøpsprisar
I Noreg er det Konkurransetilsynet som skal passe på at konkurransen i daglegvarebransjen er god nok.
– Korleis konkurransen fungerer er viktig for folk og vi meiner han kunne vore betre, sa avdelingsdirektør Beate Berrefjord for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet, på seminaret.
Eit element som blei trekt fram som konkurransehemmande er ulike innkjøpsprisar for store og små aktørar i bransjen. For å gjere innkjøpsordninga til grossistane meir rettferdig har regjeringa fremja forslag til «forskrift om forbod mot konkurranseskadelege forskjellar i innkjøpsvilkår i verdikjeda for mat og daglegvarer». Konkurransetilsynet meiner forskrifta kjem til skape vanskar for dei.
– Dersom forskrifta blir innført vil vi bli nøydde til å bruke omfattande ressursar på å handheve bestemmingar som ikkje vil gagne forbrukarane. Vi meiner ressursane bør brukast andre stadar, sa Berrefjord.
Forbrukarrådet har eit anna syn på saka enn Konkurransetilsynet.
– Ein av dei viktigaste oppgåvene våre er å sørgje for at forbrukarar skal kunne ta informerte val. Vi er opptekne av at politikarane skal innføre tiltak som faktisk fungerer. Denne forskrifta er det viktigaste tiltaket for å betre konkurransen, men forskrifta må utstyrast med fleire tiltak, sa Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.
«Appflasjon»
Forbrukarrådet meiner dessutan at bonus- og rabattordningane til dei ulike kjedene har diskriminerande effekt.
– Vi har no fått det vi kan kalle appflasjon. Altså at vi i stor grad må ha ein app for å nytte rabattar og bonusar. Det skapar eit gap mellom dei som er flinkast til å navigere i slike appar og dei som ikkje har den nødvendige digitale kompetansen til å henge med på slikt. Det blir stadig kravd meir innsats frå forbrukarar for å få lågare beløp på kassalappen, sa Blyverket.
– Krav om førprising også gjennom fordelsprogram og bonusordningar kunne gjort det enklare å gjere opplyste val også i appane, la ho til.
(©NPK)