nyhende
Møte om andelslandbruk:
For dei som vil dyrka eigen mat
Målgruppa for møtet er både bønder i kommunen og folk både i Sveio og nabokommunane som er interesserte i å dyrka sin eigen mat.
Bakgrunnen for engasjementet er at Arne Valen i Sveio Senterparti tidlegare i år fekk gjennom at Sveio kommune skal leggja til rette for andelslandbruk.
Torsdag 8. oktober kjem oppfølgjaren, då skal Sveio bonde og småbrukarlag halda informasjonsmøte om temaet på Vigdartun.
I tillegg til å vera folkevald, er Valen også med i bonde- og småbrukarlaget, og kan opplysa at det kjem to aktørar som vil snakka om korleis deira andelsbruk blir organiserte.
– Me får besøk frå Lønning Lutlandbruk på Stord og Eikanes Andelshage i Etne som vil fortelja korleis det er for ein bonde å ha samarbeid med ein stor dugnadsgjeng.
Ligg godt til rette
Vestavind skreiv i juli om Valen og tankar han har om konseptet:
– I Sveio ligg tilhøva svært godt til rette for andelsjordbruk. Her er mange små gardsbruk. Samstundes ligg me nær eit regionsentrum der det bur mykje folk som har lyst til å dyrka sin eigen mat. Men på grunn av buforholda kan dei ikkje gjera dette heime hos seg sjølve, seier Valen.