nyhende
Minnetre på Stord:
For alle som har mista nokon
Like før jul kan dei som har mista nokon henga opp ei julekule på eit minnetre i Museumsparken på Stord. Det er den veldedige organisasjonen Georgs gave, grunnlagt i Oslo som står bak. Initiativtakarane ønskjer å tilretteleggja for å skapa gode minne i ei tung tid, og jobbar tett med fleire sjukehus og gravferdsbyrå i landet.
Sveio kommune støttar Til Minne-tre-prosjektet.
– Eg tenker at me viser solidaritet og samhald ved å gi ein pengesum til dette gode formålet, seier ordførar Linn Therese Erve, som skal ta del i markeringa 20. desember.
For å få ei kule på treet med namn på vedkommande som skal heidrast og minnast, melder ein seg på via eit skjema som ein finn på Facebook-gruppa Georgs Gave Stord & omegn.
– Namnet på den du har mista vil vera handskrive. Julekulene vil henga opp i rundt tre veker, så vil dei bli tatt ned igjen, seier Monica Wathne frå Stord, initiativtakar lokalt.