nyhende

Folksamt på St. Hans-feiring

Søndag 23. juni arrangerte Førde bygdalag St. Hans-feiring på stranda i Førde. Rundt 300 oppmøtte fekk rissa inn merkedagen på den indre primstaven sin.

Publisert Sist oppdatert

Både vaksne og born storkosa seg, og alle underlag var i bruk gjennom heile ettermiddagen. Her vart det arrangert aktivitetar for alle behov. På volleyballbana vart det spela turnering og på plenen vart det tevla i både sekkeløp og tautrekking.

Om ein ikkje er av typen som lar seg riva med av kroppslege utskeielsar kunne ein og nytta underlaget til å innta grillmat eller lokka fram sommarkjensla med is frå kiosken.

Mykje folk

I fjor vart det laga bane for kulespelet petanque nede på stranda. Ei ny grein for dei aller fleste, og for å innføra folk i idretten vart det også her arrangert ei tevling.

– Perfekt sport for meg dette, gliser Tore Grutle etter å ha sendt avgårde ei kule med middels resultat.

Medan alle var opptatt med trivsel, tende bålarkitektane Raymond Nygård og Johnny Lønning på sitt eige byggverk av oppstabla pallar. Leiar i bygdalaget Tor Inge Flåten var stornøgd med kvelden.

– Det har vore veldig bra. Travelt, mykje folk og godt sal i kiosken. Og så slapp me jo unna regn. Då skal ein i alle fall ikkje klaga, seier han.

Populært loddsal

Forutan Flåten har komiteen bestått av Raymond Nygård, Johnny Lønning og Linda Kristiansen, pluss hjelp frå andre til å stå i kiosk og arrangera leikar og konkurransar.

Det vart også arrangert eit loddsal i forkant av kvelden med flotte premiar som boblebad, pizzaovn og helgepass til countryhelg med meir.

– Me har handla inn ein del av premiane sjølv, men er også sponsa av Førde Event, Kaien Førde og Joker Førde, avsluttar Flåten midtsommarkvelden.

Powered by Labrador CMS