nyhende

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) la tysdag fram stortingsmeldinga om distriktspolitikk. FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB/ NPK
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) la tysdag fram stortingsmeldinga om distriktspolitikk.

Folketalet i distriktskommunar skal auke

Fleire skal bu i distriktet. Det er målsetjinga til regjeringa i distriktsmeldinga, som vart lagt fram tysdag.

Publisert Sist oppdatert

– Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane. Alle lokalsamfunn skal kunne utvikle seg og skape verdiar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han presenterte tysdag stortingsmeldinga på Sølvane gard i Gloppen kommune i Vestland.

Fleire arbeidsplassar i distriktet

Det er ein dermed ei meir offensiv haldning enn det tidlegare målet om å halde oppe hovudtrekka i busettingsmønster.

Mellom anna bør distriktskommunar få fleire statlege arbeidsplassar. Nye eller relokaliserte statlege verksemder bør derfor leggjast utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området, og dei største byane, oppmodar regjeringa.

Statlege bedrifter skal dessutan bruke fleire desentraliserte stillingar. Dermed kan folk i distrikta søkje seg til stillingar i dei største byane utan å måtte flytte.

Fleire midlar til distriktet

I budsjettforliket med SV vart låneramma til Husbanken auka med 3 milliardar kroner.

– Vi vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadbygging i distriktskommunar, særleg i dei minst sentrale kommunane, seier Gjelsvik.

Dette skjer i samband med ei eiga stortingsmelding om bustadpolitikk, som skal komme våren 2024.

Meir til Nord-Noreg?

Distriktskommunar kan søkje om såkalla bygdevekstavtalar med staten. Desse skal bidra til busetjing, tilgang til arbeidskraft og næringsutvikling. Gjelsvik lovar at det skal komme meir pengar her.

– Vi kjem til å følgje opp bygdevekstavtalane med meir statlege midlar, også til å gjennomføre konkrete prosjekt, seier Gjelsvik.

Det er særleg viktig at det bur folk i Nord-Noreg, meiner regjeringa. I budsjettforliket med SV vart dei samde om gratis barnehage og auka nedskriving av studielån i Finnmark og Nord-Troms.

Det kan komme meir:

– I statsbudsjetta framover vil vi vurdere ytterlegare endringar i sletting av studielån og Finnmarksfradraget, seier Gjelsvik.

Styrke helse og politi

Vidare ønskjer regjeringa mellom anna:

  • Å styrkje helse- og omsorgssektoren, fremje samarbeidet mellom naudetatane og styrkje det lokale nærværet til politiet.
  • Å vurdere om det er bør etablerast eit statleg kontaktpunkt for store industrietableringar i Nord-Noreg.
  • Å prioritere fylke med mange distriktskommunar i køen for å få tilgang til høgfartsbreiband.
  • At kommunane skal få bestemme meir sjølve i arealpolitikken. Regionale og lokale behov skal vektleggjast meir.

Regjeringa vil også etablere ei frikommuneordning «innanfor gjeldande forsøksheimlar, der kommunar og fylkeskommunar kan søke om fritak frå lover og reglar på utvalde område».

Powered by Labrador CMS