nyhende

Folkefest og 60-årsfeiring for Haukås

Bensinstasjonen på Haukås er Sveio sin eldste familieeigde bedrift. Torsdag 24. august feira dei 60 år med kaffikos, gratis mat og aktivitetar. Til stades var kundar som har vore der frå byrjinga.

Publisert Sist oppdatert

Det er duka for fest på Haukås torsdag ettermiddag. Fleire titals møtte opp for å feira, og mang ein heldig forbipasserande kunde fekk gratis kake, bolle, kaffi og meir.

Blant dei som serverer står eit kjend andlet.

– Her serverer me kake på laupande band, ler Solfrid Hjortland Kinn, dagleg leiar på verkstaden.

Det er ein stor dag for Kinn. Ho er samstundes audmjuk og seier ho berre har jobba på Haukås i åtte år, pluss nokre periodar mellom fødselspermisjonar.

Gode minner heilt frå byrjinga

– Men mannen min har vore med frå starten, det var nesten som SFO for han, ler ho.

Ei anna som også har eit heilt liv med familiebedrifta bak seg, er dagleg leiar på bensinstasjonen, Emma Kinn. Ho står i eit ope område og sørgjer for at folk kan spela ringkast og vinna premiar.

– Det er veldig gøy. Eg hugsar når me feira 50-årsjubileum, men det var ikkje like stort som no. Det er fint å sjå kor mange som bryr seg, smiler Kinn.

Ei lita jente kjem ruslande med mor. Det er Rakel Viktoria Vaka Bjordal (7 år). Ho gjer nokre kast og får ein premie av den daglege leiaren.

Ein litt eldre kar vert inspirert av leiken og tek til å kasta ringar sjølv. Det er Trygve Kinn, bror til Osmund Kinn som starta det heile med kona si Liv. Trygve smiler og mimrar om bror sin.

– Me såg så like ut at folk ofte forveksla oss. Kundane hans som traff meg i Haugesund bruka å koma bort og snakka bil til meg. «Du tar nok feil» sa eg, men dei svara «neida eg veit jo kven du er» og fortsette å snakka bil, humrar Trygve Kinn

Kaffikos og ros

Blant dei besøkjande var Liv Johanne Garberg. For ho var anledninga flott på fleire måtar.

– Ho har også bursdag i dag, seier Inger Johanne Smørdal, som også sit ved same bord.

Garberg si dotter jobbar nemleg også på Haukås bensinstasjon. Tilsett Anne-Grete Ditløvsen stiller gjerne opp for eit raskt bilete saman med mor si, men så må ho springa vidare for å fylla på med kaffi til besøkjande.

Inger Johanne Smørdal er til stades saman med mannen Rasmus. Dei har vore kundar i fleire tiår, og angrar ikkje.

– Me har vore veldig nøgde. Eg har sete her mykje og venta medan bilen vår har vorte reparert. Ein veldig kjekk plass. Så då me høyrde at det var jubileum måtte me hit, seier ho.

Tok med bilane på feiring

Mange av dei som var til stades har vore kundar i fleire tiår både hjå bensinstasjon og verkstad. Nokre tok til og med ein passande finstas til feiringa, nemleg veteranbilar. Ruth Vihovde og «Baggi», også kjend som Bjørn G. Huseby, køyrde til stasjonen i kvar sin Chevrolet Hot Road. Baggi sin er frå 1939 og Vihovde si frå 1940.

– Me har vakse opp i Sveio, og har alltid vore kundar på Haukås, seier dei to.

Veronica og Kristoffer Øygarden har med seg sine to søner Joar (6) og Sander (4) for å feira. Far og dei to gutane kastar ringar medan mor ser stolt på premiane dei vinn. Ho synest det er viktig å støtta lokale verksemder.

– Me kjem her og bruker det mest mogeleg, seier Veronica.

Kunde i 50 år og framleis nøgd

Under ein time inn i feiringa oppstår ei kjend hending. Det vert trongt om plassen. Ringkastar og kunde gjennom heile 50 år, Bjarne Våga, er ikkje overraska over at staden er populær.

– Eg bur rett i nærleiken og er veldig nøgd med dei. Er det eit problem så fiksar dei det, seier han og kastar nokre ringar.

I håp om å vera med på folkefesten har nokon parkert så nært innkøyrselen frå E39 at det byrjar å bli spanande. Ein av hovudpersonane tek saka i eigne hender. Thor Kinn finn bileigaren, lånar nøklane, og flyttar bilen fint til ein tryggare stad. Så ruslar han tilbake og set opp ei trafikkjegle. Thor og bror hans Øystein som driv verkstaden, synest det er stas å feira.

– Det er så kjekt at det kom så mange folk, seier Thor.

– Heilt topp, seier Øystein

– Og me er heldig med vêret fordi det har regna heile veka, seier Thor

– Og me er heldige med sporty leverandørar som stiller opp, seier Øystein.

Viktig samarbeid

På kvar si side av pølse, kake og kaffiservering står nemleg to samarbeidsbedrifter. Dei har også mykje fint å seia om Haukås og dei som jobbar her.

– Eg har jobba med dei i 10 år, det er heilt topp og dei gjer ein veldig god jobb, seier Asbjørn Knutsen, deira dekkleverandør.

Knutsen legg til at dei sel utruleg mange dekk samanlikna med storleiken på verkstaden. Salgskonsulenten på andre sida av pølsane er samd. Han har ikkje jobba med dei lengre enn sidan februar, men har vore innom omtrent kvar veke sidan då.

– Haukås er ein fantastisk lokasjon og folka også. Eg har hatt mykje å gjera med både dei på verkstaden og stasjonen, og dei er alle flotte, seier Bjørn Tore Rothmann frå Meca.

Nærmare verkstaden står ein gruppe karar som viser seg å vera noverande eller tidlegare lærlingar, samt ein som jobbar med å plassera lærlingar i bedrifter.

– Ein plass som stort sett alltid har ein lærling inne, men for augeblikket har dei to, seier Knut Rørtveit, dagleg leiar i Bilbransjen Opplæringskontor Haugalandet.

– Kva betyr ein sånn plass?

– For oss betyr det alt med slike bedrifter, og har dei ikkje opplæring så får dei ikkje nye heller, seier Rørtveit. Han står på stand, men unner seg ein liten pause for å smaka på kake.

Frå barndomen

Jørgen Torvund og Lars Haukås jobbar begge på verkstaden. Torvund er snart fagarbeidar, og Haukås har faktisk vakse opp rett ved sidan av.

– Eg byrja med utplassering i tiande her, og har jobba fast i eit år no, seier Haukås.

Øystein og Thor Kinn kjenner seg att i det å ha vakse opp her. Øystein spøker om staden som ein SFO-ordning for han.

– Eg tok fagbrev og var lærling her i 1989. Før den tid jobba eg kveld og slikt, og så overtok eg formell drift i 1994, seier Øystein.

– Eg kom litt seinare. Far vart sjuk vesle julaftan i 1993. Då var eg til sjøs, men heldigvis til kai i Haugesund så eg fekk permisjon, seier Thor.

Sønene tok over

Drifta av både bensinstasjon og verkstad gjekk då over frå far til sønene. Og bensinstasjonen som mange kjenner vart bygd.

– Offisiell opning var i mai 1994. Før det var bensinstasjonen i bygningen ved sidan av, seier Tor.

Dei seier 1963 er det offisielle året far deira Osmund overtok, men at han jobba der seint på 50-talet frå før. Det har endra seg mykje sidan den gong, sjølv om plassmangel framleis kan vera ei utfordring.

– Då me bygde dei to nye verkstadsbygga tidleg på 2000-talet, sprengde me oss så langt bak som var forsvarleg. Men, nå er det plassmangel att, ler Øystein.

Når det kjem nokre trailerar og eit par bubilar, så vert det fort trongt.

– Men det finst verre ting enn å verta offer for eigen suksess?

– Ja, det kan du seia, humrar Øystein.

Powered by Labrador CMS