nyhende
– Folk spurde etter fleire hjarte
I fjor gjekk Sveio tom for gåveynske som framande kunne oppfylla. Onsdag 1. november opnar årets julegaveaksjon, og Frivilligsentralen håpar foreldre tek kontakt. – Alle som søker får hjelp, seier Guro Røher Eriksen.
Dei snakkar varmt om kor mykje folk stilte opp for kvarandre året før.
– Alle hjarta vart plukka ned. Me trudde det skulle verta vanskeleg grunna høg straumpris og dyrtid, men det var faktisk det beste året, fortel Guro Røher Eriksen.
Sårbart
Ho er leiar for Frivilligsentralen i Sveio. Saman med kollega Elisabeth Nilsen Staupe opnar dei onsdag 1. november for at foreldre kan senda inn julegåveynskje til sine barn.
– I desember er det tøft, og det er den vanskelegaste månaden økonomisk. Eg oppmodar folk som har kjent at det har vore vanskeleg den siste tida om å søka, seier Eriksen.
Dei fortel at det er fire stader ein kan søka. Frivilligsentralen, NAV, barnevernet eller psykisk helseteneste.
– Me tek i mot søknadar, har teiepliktplikt og handsamar alt konfidensielt, seier Eriksen
– Me får om lag halvparten av søknadane direkte til oss, fortel Staupe.
Det kan vera sårbart å søka om julegåve til barna sine, og det har dei stor forståing for. Ordninga er til for at jula skal verta enklare for foreldre, sjølv om det er ei vanskeleg tid.
– Me ynskjer at dei skal fokusera på kva dei treng for å få ei fin jul, seier Staupe.
– Du er ikkje åleine
Ein kjem ikkje utanom at Sveio har eit høgare nivå enn vanleg av familiar med låginntekt. Då vert ei tid som jula med forventing om gåver ekstra dyr. Samstundes er ikkje biletet så enkelt, fordi dei veit om fleire familiar med «god råd» som også har det vanskeleg.
– Alt i samfunnet har på det jamne vorte dyrare uavhengig om ein har full jobb og to i familien med inntekt, seier Staupe.
Difor håpar ho og Eriksen å gjera folk som har det tøft merksame på at det er ikkje berre dei sjølv som har det trongt økonomisk.
– Søker du hos oss, så er det ingen spørsmål. Ein skal ikkje forklara noko som helst, seier Eriksen.
– Kvifor trur de at fjoråret var det beste året, samstundes som det dyraste på lenge for folk flest?
– Eg trur når mange ser treet og hjarta, så ser dei at det er folk som har bedd om hjelp. Då får ein lyst å hjelpa, seier Staupe og legg til:
– Ei bestemor eg veit om valde å gje billegare gåver til barnebarna sine, for også å kunna gje gåver til barn som treng det.
Positiv ringverknad
Trea til julegåveaksjonen og hjarta vert hengde opp fredag den 24. november. Då kan ein plukka eit eller fleire hjarte og kjøpa gåvene som står på hjarta. Det står kor dei skal leverast, og helst så snart som mogeleg. Trea vert sette opp tre stader, på Sveio senter og dei to kjøpesentera Amanda og Oasen. I Sveio gjekk dei tom før fristen.
– Tilsette på butikkane sa at folk spurde etter fleire hjarte. Då enda me opp å ta imot godteposar og liknande frå folk som «ekstragåve», seier Staupe.
– Om ein vil gje noko «meir» i år så er gåvekort på forskjellege ting best. Ei oppleving, til ein kafé, eit senter eller noko, seier Eriksen.
Dei har sett med eigne auge dei positive ringverknadane av at folk vågar å søka, og at folk bryr seg om å plukka hjarte.
– Me har sett folk som tidlegare har søkt om gåver som følgjande år har vore med å plukka hjarte, for å oppfylla andre sine ynske, avsluttar Eriksen.