nyhende

Torsdag blir dei første tomtene lagt ut:

– Folk klør etter å kikka

Nokre tenker på utsikt, andre ønskjer ei lun tomt. Småbarnsfamiliar vil gjerne bu samla, medan vaksne gjerne vil bu litt tilbaketrekt. I Sveiåsen 3 er det mange ulike tomter og prisklassar å velgja mellom.

Publisert Sist oppdatert

Me står i Sveiåsen 3, eit byggeklart byggefelt, der dei fem første tomtene blir lagt ut for sal i morgon.

Byggjeleiar i Sveio kommune Per Riise og Fred Lippens frå Eiendomsmegler A tippar at dei første husene vil begynna å reisa seg rundt påsketider i 2022. Interesserte tomtekjøparar har begynt å ta kontakt med firmaet som er tildelt oppdraget med selja tomtene.

Per Riise i Sveio kommune er på mange måtar ferdig med sitt arbeid, no er det Fred Lippens og kollegaene i Eiendomsmeglar A som overtar. Frå nokre av tomtene i Sveiåsen 3 kan ein sjå Mannavatnet, Vigdarvatnet, Hodnafjell, Valhest, Sveio stadion – og mykje meir. Tomtene til venstre i bildet er berekna for utbyggjar.

– Eg snakka nett med ei som lurte på om ho kunne komma å sjå på torsdag. Folk klør etter å kikka, seier eigedomsmeklaren som har 22 års fartstid i bransjen.

– Me får stadig henvendingar, og har ei liste over interessentar. Me har vore forsiktige med å lova for mykje. Arbeidet var planlagt ferdigstilt i siste halvdel av august, men ein del sikringsarbeid med skrentar samt opparbeiding av turveg og leidningsanlegg til Leitvegen har budd på utfordringar, og har dermed tatt lengre tid, seier Riise.

Bodrunde

Prisantydinga for ei tomt er frå 590 000 kroner til 1,45 millionar kroner.

– Me legg tomter ut for sal i bolkar på fem, og eit bod skal stå i fem verkedagar før den er seld, forklarar Lippens.

Det vil seia at ein har høve til å komma med høgare bod enn prisantydning på draumetomta si. Tomtene som blir lagt ut saman ligg nødvendigvis ikkje tett, men har ulik pris, plassering og attraktivitet.

Ulike preferansar

Nokre tenker på utsikt, andre ønskjer ei lun tomt, nokre vil gjerne bu der det er småbarnsfamiliar, medan vaksne gjerne vil bu litt tilbaketrekt for seg sjølve. Her er det rom for alle.

– Det er alt etter kva fase ein er i, og kva behov ein har. Småbarnsfamiliar vil gjerne bu midt i feltet, det spørst kva som er viktig. Uansett er her korte avstandar, seier Lippens.

Einebustadane som blir oppførte kan innehalda sekundærbustad. I føresegnene er det sett krav til maksimal byggehøgd på 8 meter målt i høve til gjennomsnittleg terreng, maksimal utnyttingsgrad er fastsatt for dei ulike tomtene og er mellom 35-50 % bebygd areal (BYA).

Det er plass til 25 einebustadar i Sveiåsen 3. Dei vil leggjast ut for sal i bolkar på fem.

– Det er ikkje lagt andre føringar på hustype når det gjeld takform. Garasje skal ha same takform som bustadhuset men lågare møne- eller gesimshøgd. Nokre tomter kan ikkje ha underetasje, opplyser Riise.

God tilbod

– Kommunen har ikkje andre tilgjengelege tomter i Sveio sentrum no. Me håpar behovet er dekka ei stund framover, men ikkje for lenge, heller, smiler Riise, som meiner at Sveiåsen 3 er eit godt tilbod til dei som vil bu, og flytta til Sveio sentrum.

Ein tomtekjøpar har to år på seg på å byggja, før kommunen kan krevja å kjøpa den tilbake, men heilt absolutt er ikkje fristen.

– Me er opne for forlenging, seier Riise.

Tre av tomtene tenker dei passar for ein utbyggjar. Årsaka er at tomtene ligg til i ulendt terreng, der det vil svara seg å klargjera for tre hus i slengen, som alle må ha underetasje.

Lippens ser føre seg eit treårs-perspektiv for å få selja alle tomtene.

– Eg vil bli overraska om det tar så lang tid, men det er eit stort felt, seier eigedomsmeklaren.

Powered by Labrador CMS