nyhende

– Folk finn det nødvendig med eit avbrekk i ein hektisk kvardag

Folk lev hektiske liv, med jobb, heim og det som høyrer med. Katie Evans Lothe har drive Albatross Spa i snart fire år, og merkar ein skilnad i behovet. – Tidlegare har spa vore eit luksusprodukt. No fleire og fleire at det er nødvendig å ta eit avbrekk i kvardagen, og retta fokus mot seg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Å koma innanfor døra til Albatross Spa gir ei umiddelbar kjensle av ro. Ute er det kaldt og rått, inne er det dempa belysning, avslappande musikk, og eit hint av eteriske oljer fyller lufta. Personalet bevegar seg fort og effektivt, anten det er fruktfat til besøkande i spaet som skal ordnast, eller fylla på reine handkle på eitt av behandlingsromma.

Tenkte først nei

– Det er roleg for kundar, men me spring. Det er knapt tid til pausar, det går i servering og reinhald, seier Katie Evans Lothe, som har drive spaet i nesten fire år.

Ho gjekk nokre rundar meg seg sjølv då ho fekk spørsmålet om ikkje ho kunne tenka seg å ta over stafettpinnen.

– Eg tenkte først at «eg kan jo ikkje det», men då eg fekk tenkt meg om, så står eg inne for mange av dei verdiane eit spa byr på, så det kjentest rett i forhold til eigne prinsipp, forklarar Lothe.

To føretak

Ho har framleis verksemda Tiempo, som ho starta for 10 år sidan. Den tida ho ikkje er på Albatross, bruker ho på administrasjon og rekneskapsarbeid for andre selskap. Det er her storparten av lønna kjem frå, så langt.

I slutten av 2016 starta Katie Evans Lothe (39) selskapet Albatross Spa AS, og fekk avtale med Albatross senter om å driva spaet og leiga lokalane. Med seg på laget har ho rundt ti behandlarar/spa-vaktar.

Og på fritida likar ho å dansa salsa og meditera – når det er tid til det.

Tilbake til 2016, då ho blei ansvarleg for drifta av det einaste spaet, milevis frå liknande tilbod.

– Eg var klar over at eg gjekk inn i ein bransje som er vanskeleg å driva, det er kostbart å halda liv i spaet, fortel Lothe. Og mange har meint at Sveio er langt vekke.

Leitar etter gode løysingar

Det har kort oppsummert ikkje vore ein enkel veg, men Lothe har tatt tida til hjelp, og fokusert på å finna dei rette løysingane. I starten av året begynte ho å sjå resultat av innsatsen.

– Me hadde mange bestillingar fram i tid. Eg følte det såg greit ut, me hadde jobba for å få ting opp og gå, seier Lothe, og tenker tilbake til januar.

Eg følte det såg greit ut, me hadde jobba for å få ting opp og gå.Katie Evans Lothe

Då landet blei stengt ned, måtte sjølvsagt alle timar avlysast, og framtida blei med eitt uviss. I nedetida laga ho til nettbutikk og selde heimespa-pakkar, som blei levert på døra til dei som ønska det, for å halda kontakten med kundane. Gjennom ei støtteordning har det kome litt pengar inn, men stønaden har vore meir symbolsk enn til hjelp på drifta.

Faste opningstider

Spaet opna igjen i juni, og til alt hell var ikkje folk skeptiske til å bestilla massasje, fotpleie, ansiktspleie eller tid i spa-avdelinga. Tvert om.

Albatross Spa starta opp i 2008 som ein del av tilbodet til Albatross senter, som også husar ulike helseføretak, treningssenter og andre næringsaktørar. Då Lothe tok over drifta, var det ein krevjande startfase, men har no truleg gjort fleire gode grep for å få det til å gå meir rundt.

– Me har endra opningstidene, slik at me har fast ope for kundar tre lange dagar i veka, fredag, laurdag og søndag. Det er jo då folk har fri, smiler ho. I tillegg er det mogleg å få kontakt med personalet for bestillingar frå onsdag til søndag.

Kjem langvegsfrå

Mange sveibuar bruker tilbodet, det same haugesundarar og karmøybuar. Ekstra stas er det med dei som kjem frå Stavanger, eins ærend for å gå på Albatross Spa.

For kvar gjest krevjer det no grundig reingjering. Nokre av tiltaka har også kome med ein positiv effekt, for spaet, med boblebad, sauna og steambad og meir, er berre ope for enkeltpersonar eller grupper som kjem i lag – det gir ei meir eksklusiv oppleving.

Og bestillingane lar ikkje venta på seg, fleire gonger har det berre vore få timar som gjenstår når helga nærmar seg.

Firmakundar

Verksemda bruker også ein marknadsførar, og har derfor fått samarbeid med ulike aktørar innan restaurant, blomar og butikkar. På den måten er det mogleg å tilby teambygging med opplevingar og matservering.

– Me har mellom anna hatt pop-up restaurant for sju kollegaer i kjellaren, då var Kjartan Kjetland med, og det var fullt opplegg med 1001-natt, fortel Lothe.

Sjølv om det ser ut til å gå betre og betre, har Lothe beina godt planta på jorda.

– Me har ein veg å gå enda, og ein jobb å gjera.

Albatross Spa er ikkje berre eit spa. Her er det duka for god mat og drikke.
Powered by Labrador CMS