nyhende
Folk er meir førebudd på kriser
Stadig fleire oppbevarer vatn heime og tenkjer gjennom kva dei kan gjere ved lengre straumbrot. Beredskapsdirektøren trur pandemien og Ukraina-krigen er årsaka.
– Undersøkinga viser at det har skjedd mykje med folks praktiske og mentale førebuingar i 2022, seier direktør Elisabeth Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
I ei ny spørjeundersøking Ipsos har laga for DSB svarer 43 prosent at dei oppbevarer drikkevatn i bustaden. Det er ein auke på 8 prosentpoeng frå 2021 og ein auke på 16 prosentpoeng frå 2019.
Samtidig har 49 prosent av dei spurde tenkt over kva dei skal gjere ved lengre straumbrot i heimen. Det er ein auke på 10 prosentpoeng frå 2021 og 12 prosentpoeng frå 2019.
I undersøkinga svarer 81 prosent av dei spurde at krisene dei siste to åra har gjort dei meir mentalt førebudd på å møte kriser i framtida.
Trur krig og pandemi har auka medvitet
Aarsæther i DSB seier at ho trur koronapandemien, og spesielt krigen i Ukraina, har bidrege til å endre folks forståing for eigenberedskap.
– Tala er ikkje overraskande for oss. Etter angrepet på Ukraina i februar i fjor har vi sett at folk har vist mykje større interesse for informasjon om eigenberedskap på nettsida sikkerhverdag.no. Vi opplevde større engasjement blant kommunar og befolkninga då vi arrangerte eigenberedskapsveka i fjor haust. I tillegg har vi registrert at mange har gått til butikkane for å handle beredskapsartiklar, som til dømes vasskanner, seier Aarsæther.
Ho understrekar at dei likevel ikkje er heilt fornøgde med nordmenns eigenberedskap.
– Det er bra at fleire no er betre rusta enn før, men mange har framleis ein jobb å gjere. Under halvparten har til dømes gjort som vi oppmodar til: Å lagre vatn i eigen heim, seier Aarsæther.
Cyberangrep bekymrar nordmenn
I undersøkinga kjem det fram at cyberangrep på styringssystem dei neste fem åra er den klart største bekymringa blant nordmenn. Terrorangrep, atomulykke med radioaktivt nedfall i Noreg, langvarig straumbrot, storm og forsyningskrise dei neste fem åra er også blant dei største bekymringane.
Det har også vore ein auke i bekymringa for krigshandlingar på norsk jord frå 2021 til 2022.
Samtidig viser undersøkinga at pandemifrykta no er langt lågare. I 2021 svarte 50 prosent at dei var bekymra for pandemi i Noreg dei neste fem åra, medan andelen i 2022 hadde falle til 29 prosent.