nyhende

I løpet av to kontrollar på E39 i Førde denne veka har UP stoppa 50 fartssyndarar.
I løpet av to kontrollar på E39 i Førde denne veka har UP stoppa 50 fartssyndarar.

– Folk er irriterte for kontroll i vinterferien

Ved ein trafikkontroll i 60-sona på E39 gjennom Førde onsdag ettermiddag, skreiv UP ut 32 forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 81 kilometer i timen.

Publisert Sist oppdatert

Dette var den andre kontrollen i Førde denne veka. Måndag blei 18 bilførarar tatt for brot på fartsgrensa. Då var høgaste målte fart 80 km/t.

– Under kontrollen onsdag opplevde våre folk på staden at fleire av bilførarane som blei stoppa, var var irriterte fordi me var ute på kontroll i vinterferien, seier UP sin områdeleiar Malvin Kvamme.

Varslar fleire kontrollar

Han er uroa over at så mange bryt fartsgrensa i Førde. På denne bakgrunnen lovar han at det ikkje blir lenge til neste kontroll i denne 60-sona.

Ein del av dei som blei stoppa onsdag var på gjennomreise, men også denne gongen var mange heimehøyrande på Haugalandet og i Sunnhordland. Dei burde, etter områdeleiaren si meining, vera kjende med fartsgrensa på staden. Kvamme ser likevel eitt lite lyspunkt, nemleg at fartsoverskridingane ikkje var endå større.

– Den eine som køyrde i 81 km/t merka seg litt ut. Og det blei ikkje tatt beslag i førarkort denne gongen, seier han.

Ønskjer fartsmålarar

– Det er bra at politiet gjennomfører kontrollar med jamne mellomrom. Her er mange mjuke trafikkantar. Folk må kjøra forsiktig og overhalda fartsgrensene, seier Tor Inge Flåten, leiar i Førde Bygdalag.

Sjølv passerte han kontrollstaden onsdag.

– Det var så fullt i busslomma av bilar som politiet hadde stoppa, at det var vanskeleg å koma forbi. Mellom anna hadde dei stoppa ein trailer då eg kom forbi, seier Flåten.

Han og fleire styremedlemmer i bygdalaget meiner eit aktuelt tiltak i Førde kan vera fartsmålarar lik de som er sette opp på Haukås.

Powered by Labrador CMS