nyhende
Føler seg overkøyrd i vegsak
Under folkemøtet på kommunehuset i samband med detaljregulering for Fv. 541, Grimstveit – Sveio sist veke, var det høg temperatur i innlegga frå bebuarane langs traseen som møtte. Det blei blant anna stilt spørsmål om kvifor det ikkje er gjort ein fullstendig konsekvensutredning for alle alternative traséar.
Då Vestavind tek kontakt med grunneigar Ole Andreas Våge dagen etter folkemøtet gir han uttrykk for at han kjenner seg ignorert og overkøyrd i prosessen, og meiner vegplanane langt på veg var snikra på førehand. Seinare på dagen er han tilbake på kommunehuset saman med dotter si, Åshild Øritsland Våge, og to andre grunneigarar, Stian Nygård og Egil Meinich Misje, for å argumentera og stilla spørsmål.
Saknar dialog
– Me saknar ein skikkeleg dialog, det har så langt ikkje skjedd. Me meiner blant anna at konsekvensen for landbruket og dei ikkje prissette temane ikkje er skikkeleg belyst, og at planen avviker så mykje frå kommuneplanen at det burde ha utløyst full konsekvensutreiing. Me vil vita kva som er grunngjevinga og vurderinga av at dette ikkje er blitt gjort, seier Våge som er ein av åtte grunneigarar som har engasjert seg i saka.
– Det som er viktig for oss er at det blir teke ein del omsyn, – det gjeld faktisk langs heile vegstrekninga meir eller mindre. Får me ein dialog me kan leva med, trur eg me skal klara å hala dette i land på ein god måte, uttalte Våge diplomatisk då han møtte planleggjarane på kommunehuset.
Kryss og undergangar
Eit sentralt tema i vegplanen er utforming av undergangar og avkøyr-sler. Stian Nygård starta med å be innstendig om at ei avkøyrsle måtte flyttast grunna stor trailertrafikk til familieverksemda deira, Nygård Tak.
– Krysset bør vera på Nygård, det er det beste alternativet frå vår ståstad. Dette er eit trafikksikringstiltak som særleg vil koma skuleborna til gode, med ein tryggare sykkel og gangveg.
Våge-familien er oppteken av gode undergangar. Dei nye vegplanane deler gardane fleire plasser.
– Sau og små lam skal forflyttast, me er avhengige av gode undergangar, poengterer Åshild Øritsland Våge som driv eigen gard og ønskjer også å overta heimegarden etter kvart.
Høyringsforslag
Gro Osmundsen Kyvik, rådgjevar arealplan, plan- og næringseininga i Sveio kommune, viste til at forslaget til vegtrasé er handsama av politikarane i kommunen og lagt ut til høyring. Det er ikkje ein godkjent plan som ligg føre, men eit høyringsforslag som er utgangspunktet for vidare diskusjon.
Saman med Lars Tore Martinsen, planleggingsleiar på plan og utbygging, Vestland fylkeskommune, forklarte ho kva som var lagt til grunn for planen:
– I denne saka har det vore ei vurderingssak om ein skulle ha full konsekvensutreiing (KU) eller konsekvensvurdering (KV). Så har ein vurdert dette i samarbeid med både Statens vegvesen og Fylkesmannen, og det har vore mykje dialog. Til slutt har ein konkludert med at her var det ikkje behov for KU, blant anna fordi planframlegget er i samsvar med intensjonen i kommuneplanen til Sveio. Planen vart difor konsekvensvurdert etter Statens vegvesen sine handbøker.
Sveio kommune ber om skriftlege høyringssvar innan 17. januar. Målet er endeleg politisk handsaming før sommaren.
Nytt på vegfronten
Leiar for plan og forvaltning i Statens vegvesen (SVV), Sindre Lillebø, var formelt ansvarleg for planarbeidet fram til nyåret, og Lars Tore Martinsen var vegeigars representant i Sunnhordland.
No har Vestland fylkeskommune sjølv teke over ansvaret for fylkesvegene og dermed også for planlegging av fylkesvegar. Sveio kommune v/saksbehandlar Gro Osmundsen Kyvik er ansvarleg for behandlinga av planforslaget etter at SVV som forslagsstillar har levert dette til kommunen.
Dette er planen:
Planområdet ligg vest og nord for Sveio sentrum, er om lag 5,5 kilometer langt og strekkjer seg frå kryss med Fv. 47 Tittelsnesvegen ved Krossleite i sør til Grimstveit/Lier i nord. Den mest konsentrerte busetjinga ligg sør for Åse. Nordover er det stort sett spreidde bustader og landbrukseigedomar. Utbetringsstandard i søre del av planområdet med 6,5 meter brei køyrebane, med langsgåande gang- og sykkelveg på vestsida og fortau langs austsida. Fartsgrense 50 km/t som i dag. Nord for Åse er det lagt til grunn vegbreidde 7,5 meter inkl. vegskulder. Her går ny veg for det meste i ny trasé, dagens veg får funksjon som tilkomstveg og tilbod for gåande og syklande. Over Nordskog er det planlagt at busstrafikk nyttar dagens veg. Planforslaget viser to undergangar for gåande og syklande i nordre del ved 80 km/t, med kryssing i plan i søre del av planområdet. Hovudmålet med planen er å auka trafikktryggleiken for mjuke trafikantar, slik som allerie utbygd del av Tjernagelvegen mellom Lier og Buamyr.