nyhende

Dronefoto tatt frå Ulveraker, 11.08.2021. Valestrand kyrkje.Irene Flatnes Haldin
Valestrand kyrkje.

Flyttar Valen-fagdag til kyrkja

På grunn av smittesituasjonen er den tradisjonsrike fagdagen under Fartein Valen-festivalen flytta frå Valen-heimen til Valestrand kulturkyrkje.

Publisert Sist oppdatert

— I tillegg til større plass for publikum får vi som bonus også eit betre instrument til pianistene, heiter det i ei pressemelding frå festivalen.

Programmet for fagdagen vil ta for seg fem tema:

  • Transkripsjonar av Valen sin orkestersats til klaver.
  • Ny-editering og kritisk gjennomgang av komponisten sitt hyppigast framførte verk, «Kirkegården ved havet».
  • Læraren Fartein Valen og vidareføringa av internasjonal modernisme i og gjennom hans elevar.
  • Korleis det er å gi seg i kast med Valens sitt vokalrepertoar for ein ung songstudent.
  • Avsluttande samtale om korleis ein kan lansere komponisten sin musikk for den oppveksande generasjon.

Ekspertar

Til  fagdagen, som er satt saman av Astrid Kvalheim frå Noregs Musikkhøgskule og Olaf Eggestad frå Universitetet i Stavanger, kjem eit solid lag med fortolkarar og ekspartar: Pianist Håkon Austbø, fiolinist Tor Johan Bøen, dirigent Bjarte Engeset, pianist Kristian Thunestved Evjen, songar Amalai Grani og pianist Friedrike Wildschütz.

Minneår

Fartein Valen-festivalen er at samarbeid mellom Haugesund kommune, Sveio kommune og Fartein Valen-stiftinga. Festvialen finn i år stad mellom 27. april og 1. mai.

I år markerer festivalen at det er 70 år sidan Farten Valen dødde, det er 75 år sidan Valen fekk sitt internasjonale gjennombrot, og det er 40 år sidan festivalen vart etablert.

Powered by Labrador CMS