nyhende

Eirin Klepmo Mellemstrand og Arild Mellemstrand trivst godt med nytt hus og hage i Førde.
Eirin Klepmo Mellemstrand og Arild Mellemstrand trivst godt med nytt hus og hage i Førde.

Flytta til Førde på grunn av venner

Hadde det ikkje vore for venner som budde der frå før, hadde aldri Eirin Klepmo Mellemstrand og Arild Mellemstrand kome på å busetja seg i Førde. Nå trivst dei i nytt hus og eit passeleg stort nabolag like nedanfor legesenteret.

Publisert Sist oppdatert

– Me var kjende i Sveio frå før, mellom anna på Solgry. Men me hadde knapt høyrt om Førde-bygda før vennene våre begynte å snakka varmt om denne plassen, fortel Eirin.

Ho kjem frå Kårstø. Og det var der ekteparet budde, i eit hus som tilhøyrer foreldra hennar, då spørsmålet om å gjera seg til sveibuar først dukka opp. Det var i 2017. På den tida fekk dei også vita at eit lokalt byggefirma i Sveio hadde prosjektert nokre nye einebustader like i nærleiken av der vennene deira budde – og bur.

Rimeleg nybygg

– Prisen på desse bustadene var overraskande rimeleg. Eg trur aldri me kunne fått eit tilsvarande hus så billig andre stader, og i alle fall ikkje i ein by, seier Arild.

Han kjem frå Varhaug på Jæren og er van med dei høge tomte- og husprisane i stavangerregionen. Eirin og Arild hadde drive med litt oppussing i det 60-talshuset dei lånte av foreldra hennar. Dette arbeidet hadde dei på sett og vis fått nok av. Dei var ganske einige om at dei ikkje ville satsa på eit nytt oppussingsprosjekt. Det blei til at dei teikna kontrakt med sveiofirmaet. Kursen vidare var staka ut.

På terrassen har dei sol heile dagen og utsikt over nedre del av bygda og sjøen utanfor. Det er Eirin, Jonathan og Arild Mellemstrand godt nøgde med.

– For meg var det viktig å finna ein plass der husa ikkje står altfor tett. Eg må ha litt luft omkring meg, seier Eirin.

Arild, som kjem frå ein gard der det var eit stykke veg til naboane, synest på si side det er greitt å bu slik at dei har folk omkring seg. Tomta og huset i Leirskarvegen oppfyller begge sine ønske.

Dei hadde nokre andre krav til plassen dei ville busetja seg også.

– Vennene som budde her frå før, var viktige. Dessutan hadde me nok ikkje busett oss her om det ikkje var barnehage og barneskule i bygda, seier dei begge to.

Glad for butikkjobben

Eirin er sjukepleiar av yrke, og hadde jobb på Haugesund sjukehus då dei budde på Kårstø også. Den jobben har ho framleis. Arild arbeidde den gongen på daglegvarebutikken Meny i Aksdal, men hadde høyrt rykte om at det kunne koma ei ledig stilling ved Joker-butikken i Førde. Rykta slo til, og Arild fekk jobben. Det er han svært godt nøgd med.

– På grunn av butikkjobben har eg blitt kjent med svært mange folk i Førde. Mange helsar og pratar når me er ute i bygda på tur eller anna. Det likar eg godt, seier Arild.

Han likar også å høyra om korleis det var i Førde før i tida, då bygda hadde både lensmann og bank, to daglegvarebutikkar og eitt bakeri.

– Eit lite bakeriutsal med eigen kafékrok der me dagleg kunne stikka innom, hadde vore kjekt i dag også, fell Eirin inn.

Ho seier det i ein litt ertande tone, vel vitande om at eit slikt utsal ville vore ein konkurrent til Arild sin arbeidsplass når det gjeld bakarvarer.

Eirin legg til at ho først og fremst har kontakt med dei vennene dei hadde i bygda frå før, og dei vennene dei har fått andre stader i Sveio etter at dei flytta hit. I barnehagen møter ho dessutan andre småbarnsforeldre, og den kontaktflata reknar ho med vil bli endå vidare når sonen Jonathan (3) begynnar på skulen. Dessutan har ho overtatt leiinga for søndagsskulen i Førde. Når alle koronarestriksjonane er oppheva, håpar ho det også skal bli ein møteplass for mange.

Stolte av bygda

Den unge innflyttarfamilien har alt identifisert seg med bygda og er stolte av det Førde har å by på.

– Noko av det unike med Førde er Rex Garden og den flotte strandpromenaden, seier Arild.

Han sender ein stor takk til investoren Olaf Harald Furre som har etablert parken og stadig har nye prosjekt på gang. Rex Garden trekkjer turistar frå eit stort område, noko som også merkast på Joker-butikken.

Jonathan har fått vera med å prega heimen, mellom anna med maleria som heng over sofaen. Her er kunstnaren fotografert på pappa Arild sin arm.

– Og me er på stranda minst fire dagar i veka. Jonathan er alt blitt ein meister i å fanga krabbar, seier Eirin.

Ho rettar også merksemda mot ein annan «magnet» som set Førde på kartet på ein positiv måte.

– Gjenbruksløa. Det er eit flott tiltak. Eg er ofte innom og kikkar der, fortel Eirin.

Utfordra ordføraren

Med så mykje som Førde sentrum har av tenester og attraksjonar, saknar Arild betre skilting, mellom anna oppe ved Gjenbruksløa, i krysset mellom E39 og vegen ned til sentrum. På butikken får dei stadig besøk av folk som leitar etter Rex Garden, vegen til legekontoret og så vidare.

– Eit anna akutt behov er lågare fartsgrense på vegen frå E39 og ned til kaien. 50 km/ t. er altfor mykje. Trafikken er stor, både av personbilar, bubilar og tungtransport. Her er ikkje fortau, berre gangsti langs delar av strekninga. Og langs vegen bur det mange småborn som lett kan springa ut i kjørebanen.

Arild meiner grensa helst burde vore 30 km/t., og at vegen dessutan burde vore forsynt med fartsdumpar. Han minner om at vegen gjennom Sveio sentrum har grense på 40 km/t.

– Eg tok dette opp med ordførar Linn Therese Erve då eg møtte henne i fjor sommar. Ho lova å ta tak i både skiltinga og fartsgrensa. Men enno, eit år seinare, har ikkje dette gitt noko synleg resultat.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Powered by Labrador CMS