nyhende
Flokehyttene toppar lista igjen
Heile tre hytter er nye på lista som viser kva hytter og turforslag nordmenn søkte mest på i året som gjekk. Som i fjor er Flokehyttene på Ryvarden dei mest populære DNT-hyttene.
Gjevilvasshytta i Trollheimen, Nedalshytta i Sylan og Kvitlen i Bjerkreim er nye på topplista for hytter i 2023.
– Det er moro å sjå at det er ei blanding av moderne hytter og tradisjonelle hytter på topplista. Dessutan er det både hytter som er lett tilgjengelege og hytter som krev ein lengre tur. Felles for desse hyttene er at dei gir moglegheit til å få naturopplevingar for livet og å oppleva det enkle friluftslivet. Elles er hyttene like forskjellige som friluftsfolk, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening, i ei pressemelding
Topp 10 hytter i 2023
- Flokehyttene på Ryvarden, Sveio (Haugesund Turistforening)
- Kiellandbu i Hardanger (Bergen og Hordaland Turlag)
- Skåpet i Ryfylke (Stavanger Turistforening)
- Skålatårnet i Breheimen (Bergen og Hordaland Turlag)
- Fuglemyrhytta i Oslomarka (DNT Oslo og omegn)
- Innerdalshytta i Innerdalen (Kristiansund og Nordmøre Turistforening)
- Rabothytta i Indre Helgeland (Hemnes Turistforening)
- Gjevilvasshytta i Trollheimen (Trondhjems Turistforening)
- Nedalshytta i Sylan (Trondhjems Turistforening)
- Kvitlen i Bjerkreim (Stavanger Turistforening)
Topp 10 turforslag i 2023
- H.M. Dronning Sonjas panoramatur – Dronningstien (Hardanger)
- Romsdalseggen (Romsdalen)
- Gaustatoppen (1883 moh) – toppen av Telemark (Øst-Telemark)
- Trolltunga (Hardangervidda)
- Galdhøpiggen (2469 moh.) – til topps på Norges tak (Jotunheimen)
- Preikestolen (Ryfylke)
- De syv søstre (Helgelandskysten)
- Rampestreken (Romsdalen)
- Klassisk rundtur i Rondane (trekanten i Rondane)
- 7-fjellsturen i Bergen (Bergen)
Oversikta er basert på sidevisningar på UT i perioden 1. januar til 4. desember i år. Den viser kva sider i UT-portalen som har mest besøk.
Turportal for heile landet
UT er den største turplanleggaren i Noreg. Det er ei tjeneste frå Den Norske Turistforening, i samarbeid med Statskog, Friluftsrådenes Landsforbund, Miljødirektoratet og Kartverket.
– Gjennom UT kan me hjelpa folk med å planlegga tur, og me inspirerer dei som kikkar rundt etter hytter og turmål til sin neste tur. Ikkje minst kan me gje viktig informasjon,og rettleia om naturvenleg ferdsel og omsyn ein må ta i ulike område, sier Solvang.
DNT sin generalsekretær trur 2024 blir eit år der det enkle friluftslivet og noregsferie kjem enno meir på nordmenn sin radar enn før.
– Økonomien er stram for mange, og det trur eg vil prega tur- og ferievanar i året som kjem. Me i DNT jobbar for at fleire skal ha glede av friluftslivet, enten det er dei enkle opplevingane nær heimen eller ein litt meir krevjande tur til eit av Noreg sine mange spennande turområde.