nyhende

Flokehyttene er på søketoppen på UT i år igjen. Foto: Marius Dalseg Sætre
Flokehyttene er på søketoppen på UT i år igjen.

Flokehyttene på topp igjen

Flokehyttene tar førsteplassen i år som i fjor på topplista for DNT-hytter. H.M. Dronning Sonjas panoramatur – Dronningstien i Hardanger toppar turlista for 2024.

Publisert Sist oppdatert

Den Norske Turistforening (DNT) har undersøkt kva brukarane av UT.no søkte mest etter i turplanleggaren i 2024.

Kalhovd Turisthytte på Hardangervidda og Trollfjordhytta i nord er nye på topplista.

– Det er interessant å sjå at nokre hytter held seg på toppen i interesse, samtidig som det er moro at det er nykommerar på lista. Det er alle slag hytter, frå dei langt til fjells til dei mest bynære. Turfolk er forskjellige, og det er desse hyttene også, seier Veronica Solbak i DNT som er redaktør for UT.

UT stadig mer brukt

UT er Norges største turplanleggar og blir drifta av DNT. I 2024 auka bruken med 15,4 prosent og UT blir stadig utvikla med ny funksjonalitet.

– Gjennom UT kan me hjelpa folk med å planlegga tur, og me inspirerer dei som kikka rundt etter hytter og turmål til sin neste tur. Ikke minst kan me gi viktig informasjon og nettleia om naturvenleg ferdsel og omsyn ein må ta i ulike område, seier Solbak.

– Av turforslagene ser me at populære Aurlandsdalen i år er inne på lista igjen med høg plassering, og klassikaren over Besseggen er inne på topp 10. Besseggen er eit eksempel på ein nasjonal turiststi som er tilrettelagt for å handtera stort besøk utan at natur- og kulturverdiar tar skade av det.

Ser fram til Friluftslivets år 2025

UT-redaktøren tror det enkle friluftslivet, noregsferie og turar i eige nærmiljø kjem enda meir på nordmenn sin radar enn før.

– 2025 er Friluftslivets år der me skal invitera enda fleire med ut på tur. Då blir UT.no og slike plattformar viktige, og me kjem til å satsa sterkt på å visa fram lavterskelturar og det bynære som er enkelt å billig å gi seg ut på.

Oversikten under er basert på sidevisningar på UT i perioden 1. januar til 19. desember i år. Den viser kva sider i UT-portalen som har mest besøk.

Topp 10 hytter i 2024

  1. Flokehyttene på Ryvarden (Haugesund Turistforening)
  2. Innerdalshytta i Innerdalen (Kristiansund og Nordmøre Turistforening)
  3. Skåpet i Ryfylkeheiane (Stavanger Turistforening)
  4. Kalhovd Turisthytte på Hardangervidda (DNT Telemark)
  5. Kiellandbu i Hardanger (Bergen og Hordaland Turlag)
  6. Gjevilvasshytta i Trollheimen (Trondhjems Turistforening)
  7. Skålatårnet i Breheimen (Bergen og Hordaland Turlag)
  8. Trollfjordhytta i Vesterålen (Vesterålen Turlag)
  9. Rabothytta i Indre Helgeland (Hemnes Turistforening)
  10. Fuglemyrhytta i Oslomarka (DNT Oslo og omegn)

Topp 10 turforslag i 2024

  1. H.M. Dronning Sonjas panoramatur – Dronningstien (Hardanger)
  2. Gaustatoppen (1883 moh) – toppen av Telemark (Øst-Telemark)
  3. Aurlandsdalen – Historisk vandrerute (Skarvheimen)
  4. Trekanten i Trollheimen (Trøndelag)
  5. Romsdalseggen (Romsdalen)
  6. Galdhøpiggen (2469 moh.) – til topps på Norges tak (Jotunheimen)
  7. Klassisk rundtur i Rondane (Trekanten) (Innlandet)
  8. Preikestolen (Ryfylkeheiane)
  9. 7-fjellsturen i Bergen (Vestland)
  10. Klassikeren over Besseggen (Jotunheimen)
Powered by Labrador CMS