nyhende

Fredagen i palmehelga skil seg ut som dagen med flest trafikkulykker i samband med påskeutfarten.
Fredagen i palmehelga skil seg ut som dagen med flest trafikkulykker i samband med påskeutfarten.

Flest trafikkulykker i påskeutfarten skjer fredagen i palmehelga

Dei siste tre åra har fredag i palmehelga vore den klart største ulykkesdagen i påskeutfarten. I 2023 var det 73 bilskadar kvar einaste time denne dagen.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje tilfeldig når det skjer år etter år. Eg håpar folk kan ta det litt rolegare i år. Hytta er der om du kjem fram klokka 16.00 eller 20.00. Du har truleg mange herlege fridagar framfor deg, og då er ikkje desse par timane ekstra viktige i den store samanhengen.

Det seier motorfagsjef Roger Ytre-Hauge i Frende Forsikring i ei pressemelding. Forsikringsselskapet har samanlikna ulykkestala med personbil dei tre siste åra i perioden frå fredagen i palmehelga til og med 2. påskedag.

1.772 ulykker med personbil

Fredagen i palmehelga har vist seg å vere ein ulykkesdag for mange av dei som skal på påskeferie. Fredagen i fjor, 31. mars, vart det registrert 1.772 ulykker med personbil.

Til samanlikning var det knapt halvparten så mange bilskadar 2. påskedag i fjor.

Dei to tidlegare åra, 8. april 2022 og 26. mars 2021, var det høvesvis 1.491 og 1.167 ulykker.

Hovudsyndaren

Med fleire skadar aukar også kostnadene. Dei auka frå 23 millionar kroner i 2021 til 31 millionar i 2022 og 37 millionar i fjor.

– Hovudsyndaren er aktløyse, altså noko vi kan klare å rydde av vegen heilt på eiga hand. Aktløyse fører til alt frå utforkøyringar eller møteulykker til mindre smellar på veg ut frå parkeringsplassar. Det skjer lynkjapt. Berre full merksemd frå deg er godt nok for å unngå dette, seier Ytre-Hauge.

(©NPK)
nils.myklebost@ntb.noBilete: vYcBKJZiL3c
Fredagen i palmehelga skil seg ut som dagen med flest trafikkulykker i samband med påskeutfarten. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Powered by Labrador CMS