nyhende
Flest skal på bilferie til Vestlandet
I ei fersk undersøking frå Statens vegvesen, seier nesten halvparten av dei spurte at dei skal ha eller vurderer bilferie i Noreg i år. For mange går turen til Vestlandet.
– Me ventar mykje ferietrafikk på vegane i år, og det kan bli kø, særleg på dei mest populære veg- og ferjestrekningane, sier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen.
49 prosent av dei spurte i undersøkinga seier at dei skal ha eller vurderer bilferie i Noreg i sommar. 30 prosent av desse planlegg å legga turen til Vestlandet, mens 28 prosent skal feriera på Austlandet, 21 prosent i Midt-Noreg, 20 prosent på Sørlandet og 18 prosent i Nord-Noreg.
Dei fleste (38 prosent) skal reisa i fellesferien, mens 25 prosent har lagt ferien seint på sommaren, og 20 prosent tar tidleg ferie, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Ukjent vegar og uvante køyretøy
– I ferien er det mange som køyrer på ukjente vegar, og med uvante sesongkøyretøy som MC, bubil og campingvogn. Sommaren er også den tiden på året det er flest trafikkulykker, seier Ranes.
At du ikkje er merksam utgjer ein stor risiko i trafikken. I ei av tre dødsulukker er det at ein er uoppmerksam ein medverkande faktor. Ranes har eitt klart råd for ein trafikksikker ferietur med familien:
Å køyra er det einaste du skal gjera.
Nyttige hjelpemiddel
Ein god ven på bilferie i Noreg er appen «Vegvesen trafikk». Den gir deg informasjon om kva som skjer i trafikken på di strekning eller i ditt eigendefinerte område.
Om du legg inn ei vegstrekning som inkluderer ferje, kan du klikka deg vidare inn på rutetider, og du kan også sjå bilete frå webkamera på ferjekaien om den har det.
Du kan også sjekka rutetider for ferje på www.vegvesen.no/ferje.
All trafikkinformasjon si «mor» er vegvesen.no/trafikkinformasjon.