nyhende
Flemming Lothe: – Eg MÅ til Vikedal og fiska i Vikedalselva saman med pappa
Flemming Lothe er tilsynsansvarleg og ungdomskoordinator på Vigdartun Kultursenter.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Det beste eg veit med sommaren er bading, fisking og golf.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Eg MÅ til Vikedal og fiska i Vikedalselva saman med pappa. Det har vore ein tradisjon sidan eg var eit lite barn.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Åå, det er så mange flotte sommarminne. I nyare tid må det vera då eg bada nedover kulpane i Brandsetelvi, «Blue River», i nærleiken av Voss.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Sommerkotelettar og ei iskald cola!
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– I år tar eg det litt på sparket. Eg dreg dit sola skin – helst i Noreg!
Kva er din draumeferiedestinasjon – og kvifor akkurat dit?
– Eg har som backpacker reist jorda rundt to gonger og oppfylt dei aller fleste draumedestinasjonane mine. Ingenting slår Noreg, så lenge vêret er fint. Difor følger eg nøye med på kvar sola skin denne sommaren.