nyhende

Høgre-nestleiar Tina Bru (t.h.) seier ho har tillit til at partileiar Erna Solberg har fortalt sanninga i aksjehandel-saka.
Høgre-nestleiar Tina Bru (t.h.) seier ho har tillit til at partileiar Erna Solberg har fortalt sanninga i aksjehandel-saka.

Fleirtalet trur Høgre somla med å leggje fram aksjeopplysningar

Ei måling viser at seks av ti nordmenn trur at Høgre somla med å leggje fram aksjeopplysningane til Sindre Finnes til etter valet.

Publisert Sist oppdatert

966 personar deltok i spørjeundersøkinga, som er gjennomført av Norstat på vegner av NRK.

«Høyre-leder Erna Solberg informerte om ektemannens aksjehandler på en pressekonferanse fire dager etter valget. Hvor stor eller liten tillit har du til at opplysningene om Sindre Finnes» aksjehandler ble lagt fram så raskt det var mulig?», lyder eit av spørsmåla som vart stilte.

60 prosent svarer at dei hadde liten eller ganske liten tillit til dette.

Høgre-nestleiar Tina Bru, som er tilbake frå fødselspermisjon, seier i Politisk kvarter på NRK P2 at det er trist å sjå slike tal. Ho understrekar at partiet har vore opne og tydelege i saka, og at ein har jobba så raskt ein kunne.

– Vi kunne sikkert publisert ei mindre omfattande liste raskare, ho hadde jo ikkje då vore komplett. Eg trur ikkje det hadde vore fornuftig, og det har også jo også Erna Solberg vore ganske tydeleg på i alle intervjua ho har gjort. Det var viktig for henne at den lista var komplett.

Bru seier det gjekk kort tid frå ein vart klar over omfanget i saka, til den komplette lista var klar. Og ho understrekar at Solberg framleis har tillit i partiet.

– Saka er jo i utvikling, men eg har tillit til at Erna har fortalt sanninga her, seier Bru.

Powered by Labrador CMS