nyhende

Ei undersøking gjort blant eldre arbeidstakarar viser ein auke i talet på dei som ønskjer å gå av med pensjon tidlegare enn det var før pandemien. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Ei undersøking gjort blant eldre arbeidstakarar viser ein auke i talet på dei som ønskjer å gå av med pensjon tidlegare enn det var før pandemien.

Fleire vurderer å pensjonere seg tidlegare

Ei ny undersøking viser at yrkesaktive i 50- og 60-åra no ønskjer å gå av med pensjon nesten to år tidlegare enn dei gjorde før pandemien slo til.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Undersøkinga er utført av Ipsos for Senter for Seniorpolitikk og er gjort blant arbeidstakarar i alderen 50 til 74 år.

– Det er ingen tvil om at folk no ønskjer å slutte å jobbe i stadig lågare alder: Frå august 2019 til oktober 2021 gjekk ønskt avgangsalder ned frå 66,6 til 64,7 år blant arbeidstakarar over 50 år, seier direktør Kari Østerud ved Senter for seniorpolitikk til VG.

Ho meiner dette er urovekkjande både på kort og lang sikt.

– Viss det blir slik at dei som har valet mellom å jobbe eller å gå av med pensjon, vel det siste, vil norsk arbeidsliv miste mykje viktig kompetanse. Det gjeld spesielt innan helse og undervisning, seier ho.

Talet på seniorarbeidstakarar som gler seg til å tre heilt ut av arbeidslivet, har vore stabil i mange år. Men i januar 2021 steig andelen som gler seg til å slutte å jobbe frå 44 til 53 prosent, og heldt seg høgt også i oktober 2021.

Østerud meiner at endringar og restriksjonar som blir stramma til, blir letta og stramma til igjen, kan føre til at arbeidstakarar i alle aldersgrupper går lei.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS