nyhende
Fleire vestlendingar har tatt influensavaksinen på apotek
Rekordmange har valt å følgja FHIs oppmoding om å vaksinera seg mot sesonginfluensa i år.
Over 100 000 nordmenn har valt å gå innom det lokale apoteket sitt for å få eit stikk denne hausten, opplyser Apotekforeningen, bransjeorganisasjonen for apoteka i Noreg, og eigarane deira.
Apotekforeningen har henta frå Farmaloggs legemiddelstatistikk, viser at det er sett 103 000 influensavaksinar. 65 prosent av dei som kjem til apoteket for å setja vaksinen er under 65 år. Av desse er dei fleste mellom 55 og 64 år.
– Det er ikkje overraskande at flesteparten av dei som vaksinerer seg på apotek, nærmar seg risikogruppa som baserer seg på alder. Sjølv om ein ikkje er definert inn i ei risikogruppe av FHI, vel mange å ta vaksinen for å redusera risikoen for å bli sjuk, seier Hanne Andresen, farmasøyt og fagdirektør i Apotekforeningen.
Tala viser at det er fylka Vestland, Viken og Oslo som har høgast prosentdel av befolkninga som har tatt vaksine i apotek. Ifølgje det nasjonale vaksinasjons-registeret SYSVAK, utgjer tal apotekvaksinerte 12 prosent av alle vaksinerte hittil denne sesongen.