nyhende

Fleire vel mager amerikanar på bordet – også til jul

Kalkunen er opphaveleg frå det amerikanske kontinentet. Første gong hønsefuglen kom til Noreg var på 1700-talet, men det var først på 1960-talet at kalkun blei populær på det norske middagsbordet.

Publisert Sist oppdatert

I åra sidan har den spesielt blitt meir populær til nyttårsmiddagen. I 2023 svarte éin av tre nordmenn i Matprat si juleundersøking at dei planla å ete kalkun på nyttårsaftan. Og fem prosent av dei spurde at dei skulle ete kalkun på julaftan.

– Den store kalkunsesongen er i gang, fortel Vera Ødegaard, marknadssjef kvit kjøt i PRIOR.

– Rundt 80 prosent av kalkunsalet vårt er i julehøgtida. Éin av to nordmenn et kalkun i løpet av jula, og på nyttårsaftan er kalkun det føretrekte festmåltidet

Heilnorsk innvandrar

Ødegaard fortel at Prior dei siste fem åra har selt om lag 3000 tonn kalkun i året.

– Kalkun er høgtidsmat for mange, men er òg god som helge- og kvardagsmat. Kalkun har høgt proteininnhald, er mager, gir langvarig og god mettheitskjensle, og er eit veldig anvendeleg kjøt som passar i svært mange ulike retter.

Om lag 50 bønder produserer til saman over 1 million kalkunar i året i Noreg, ifølgje Matprat.

– Vi merkar i større grad at kunden spør etter filet og kalkunbryst, men vi sel framleis mykje heil kalkun.

Amerikansk takketradisjon

Nyttårsaftan er populær kalkunmiddagsdag, i nokre få heimar også julaftan. Men der er éin annan dag i året kor kalkunen er rekna som meir naturleg til middag. Den fjerde torsdagen i november – som i år er 28. november. Det er dagen for thanksgiving i USA.

– Den amerikanske tradisjonen med thanksgiving, eller hausttakkefest, har også komme til Noreg. Der speler som kjent kalkunen hovudrolla i festen.

Thanksgiving er ein årleg høgtidsdag som blir feira i USA , Canada og nokre andre stadar. Tradisjonelt har thanksgiving vore ein hausttakkefest, der ein takka for gode avlingar. Thanksgiving blir feira den andre måndagen i oktober i Canada og den fjerde torsdagen i november i USA – 28. november i år.

Ein viktig del av feiringa er å samle familie og nære til eit tradisjonelt måltid. I USA har dette vore fylt kalkun med poteter, tranebærsaus og graskarpai.

(©NPK)
jan.inge.fardal@npk.noBilete: _pnoucEJbfY
Slik ser det ut til på middagsbordet til fleire nordmenn på nyttårsaftan, nokre nordmenn på julaftan og amerikanarane på thanksgiving. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Bilete: UBZe1sbGwkM
I fjor svarte éin av tre nordmenn at dei skulle ha kalkun til middag på nyttårsaftan, ifølgje Matprat si juleundersøking. Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Bilete: m-pKVOntoZQ
Om lag 50 bønder produserer til saman over 1 million kalkunar i året i Noreg, ifølgje Matprat. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Bilete: aydPt5hiwe4
Kalkunar er ein underfamilie av fasanar i ordenen hønsefuglar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Powered by Labrador CMS