nyhende
Fleire vel elsykkel
Det blir selt stadig fleire bruktsyklar og elsyklar her i landet. Fleire brukar framkomstmiddelet på to hjul for å kome seg rundt i byane, men i distrikta heng dei etter.
Det blei selt nærare ein halv million syklar i 2020. Det var fleire som gjekk over til sykkel mellom anna fordi vi helst skulle reise mindre kollektivt for å hindre smittespreiing av koronaviruset. Til dømes viste Statens vegvesen at det var auke i sykkeltrafikken i samtlege byområde.
I tillegg var det fleire som såg pandemiperioden som ei tid med større moglegheit for å sykle, enn å reise langt.
– Fleire vel å sykle
Etterspurnaden gjorde at fleire butikkar gjekk tomme for syklar. Spesielt blei det lang ventetid på sykkeldelar, som girsystem og smådelar som er produserte hovudsakleg i Asia.
– Vi opplever at fleire vel å sykle. Utviklinga skjer over heile landet, men i større grad i byane, seier generalsekretær Eline Oftedal i Syklistforeningen, interesseorganisasjonen for syklistar i Noreg.
Foreininga jobbar med å gjere det trygt og effektivt å sykle, uansett kvar i landet vi bur. Foreininga vil også at fleire av oss skal velje å sykle på korte reiser. Tidlegare var ei kort reise rekna som fem kilometer eller kortare, men med elsykkel har det blitt auka til sju.
Bilen var framtida
Magne Brekke Rabben er forfattar av boka «Sykkelens historie i Norge» og førsteamanuensis i samfunnsfag ved NTNU. Han fortel at før privatbilen verkelege gjorde seg gjeldande i Noreg frå 1960, var sykkelen i langt større grad det føretrekte transportmiddelet.
– Det gjekk òg bussar, men folk sykla overraskande langt før bilen blei vanleg. Det gjaldt både i distrikta og i byane. Å sykle mellom byar og tettstadar var langt vanlegare.
Rasjoneringa av privatbil blei oppheva i 1960. Talet på bilar på norske vegar eksploderte raskt. Noreg blei eit billand, og bilen blei sett på som framtida. Trass i ein periode med meir skepsis – etter stor auke i dødsfall i trafikken knytt til bilen – på 70-talet, heldt bilen fram med å vere det føretrekte valet som transportmiddel.
Mangedobla elsykkel-sal
Men dei siste 15 åra har sykkelen fått ei ny betyding i det norsk trafikkbiletet. Sykkelen har blitt knytt til berekraft og ein del av løysing mot klimakrisa. Det er sett på som meir miljøvenleg å sykle, betre for folkehelsa, og betre for trafikkavvikling i byane.
Dette har gjort at det har blitt satsa stort på å legge til rette for sykkeltrafikk i byane våre. Og det er slik tilrettelegging som skal til om ein vil ha fleire syklistar, meiner Brekke Rabben.
– Mi personlege erfaring – som heilårssyklist – er at eg ofte ikkje har glede av å sykle om vinteren. Men det er ein billeg og enkel måte å kome rundt på. Når det er is og dårleg vêr, er det heller ikkje gøy å køyre bil, seier Brekke Rabben.
Samtidig har salet av elsyklar mangedobla seg. Tal frå Norsk sportbransjeforening viser at det blei selt 2000 elsyklar i 2012. I 2020 kom salet opp i 85.000 elsyklar. Sidan har salstala minka litt og var 50.000 i 2023. Salet av elsyklar utgjorde likevel i fjor nesten ein femtedel av salet på syklar i Noreg. I 2012 var elsykkel-salet mindre enn ein prosent.
Brukt berekraft
Bruktsykkel-salet auka også under pandemien – og vart ikkje mindre i åra etter. I 2019 var det 3,1 millionar søk etter «sykkel» på Finn.no. I 2020 auka det til 4,1 millionar og i fjor var det 4,9 millionar søk.
Samtidig har talet på annonsar vore stabilt på kring 154.000-165.000 frå 2020 til 2023, viser tal frå Finn.
– Fleire hadde vanskar med å få tak i sykkeldelar under pandemien. Dette er over. Samtidig ser vi at auken i salet av bruktsyklar, som starta under pandemien, har halde fram. Det er i tråd med trendar i samfunnet om sirkulærøkonomi og berekraft, og sykkelen er den mest berekraftige transportmåten, seier Eline Oftedal i Syklistforeningen.
Utfordringar langs distriktsvegane
Boka Magne Brekke Rabben skreiv kom i 2017. Allereie då såg ein teikn til at elsykkelen kom til å gjere sitt inntog i den norske marknaden, men sidan det har salet auka kraftig.
– Ny teknologi skal treffe behova til folk, og det har elsykkelen gjort. Ein kan reise over større avstandar, ha jamnare fart og bakkane blir enklare å kome seg opp. Samtidig som ein konkurrerer meir med bilen, har den framleis meir av det gode frå sykkelen, seier Brekke Rabben.
Trass i alle framstega dei siste 15 åra, er dei norske distrikta bakpå når det gjeld å få tilrettelagt for sykkel som transportmiddel. Nokre av desse årsakene, er vanskeleg å overkomme.
– Når ein bur i distriktet er det naturleg å bruke bil. Avstandane til alt er lengre og vegane er ikkje alltid trygge. Sjølv om sykkelen kan vere del av å løyse klimakrisa, og gi meir effektiv trafikkavvikling, er det ikkje dei i distrikta som først og fremst treng å bruke han, seier Brekke Rabben.