nyhende
Fleire unge ber om hjelp for speleavhengnad
Norske tilsynsmyndigheiter vil samarbeide for å verne dei unge betre mot spelavhengigheit.
Hjelpelinja får førespurnader frå stadig yngre menneske, og gjennomsnittsalderen har blitt merkbart lågare dei siste åra, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.
Denne utviklinga bekymrar myndigheitene. For å gi dei unge betre vern, har Lotteritilsynet, Forbrukartilsynet og Medietilsynet inngått eit samarbeid. Dei som speler på nett må få betre hjelp enn i dag, og spelbransjen må ta eit større ansvar, meiner tilsyna.
– Pengespel og kjøp er blitt ein større del av dataspel. Vi ser at dataspel blir fylt opp med gamle knep som vi kjenner frå kasinospel, og det utset barn og unge for risiko, seier direktør Bente Øverli i Forbrukartilsynet.
Tilsyna er bekymra for utviklinga der grensene mellom dataspel og pengespel blir viska ut.
– Vi ser at unge kasinospelarar kan ha lært spelevanane sine frå ulike typar dataspel. Moglegheita for å spele om virtuelle verdiar i dataspelet, eller rein gambling for reell valuta i brukarmiljøet til dataspelet, har skapt nye vanar for nye generasjonar, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
– Eit samarbeid på tvers av tilsyna vil gjere at ein oppnår meir enn kvar for seg, som til dømes då ein fekk fjerna reklame for pengespel frå norske tv-skjermar, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.