nyhende
Fleire tusen tok turen
Strålande sol, teater, artige aktivitetar og variert underhaldning var det årets Sveiomarknad hadde å by på. — At 50 dugnadsfolk kan få til ein sånn fest for 3.000, det står det respekt av, seier Lilly Helland, kasserar i Sveio skulekorps.
Laurdag og søndag var Vigdartun eit myldrande folkehav med mykje forskjellig å sjå.
Lokale verksemder, buer, politiske parti, musikk og sveibuar frå alle kantar var berre noko av det ein kunne møta på.
Første teaterforestilling
For dei yngste var det mellom anna den første førestillinga til TeArtig, ei lokal teatergruppe for barn.
— Me er veldig nøgd, og barna var kjempeflinke, sa Marco Thomas, leiar for TeArtig.
Medan barn med englevengar og barn kledde ut som mus sprang rundt fortalde han etter forestillinga var over om skodespelet deira.
— Det var basert på ein 40 år gamal barnebok med namn «Frederik», sa Thomas.
Førestillinga vart halde på baksida av Vigdartun, med fjellknausen som bakgrunn.
Jubla for Bjørnis
Nede ved amfiteateret samla det seg fort fleire titals barn og føresette. Dei venta spent på ein heilt spesiell gjest, nemleg brannbamsen Bjørnis.
Jubelen gjekk høgt opp i volum då bamsen kom dansande ut til songen sin, og det danna seg raskt ein lang kø for å møta Bjørnis.
Ei av dei fyrste var Nelly Vikse Haakonson, som fekk ein god klem.
To andre heldige jenter var systrene Emma Tofte og Andrea Tofte Høie. For Emma var møtet med Bjørnis å rekna som løn for strevet, då ho var medarrangør av Sveiomarknaden.
Amfiteateret vart ei flott scene for mange forestillingar, mellom anna sjonglering, det lokale bandet Lystgass, og ikkje minst arrangørane sjølv, Sveio skulekorps.
Full sal
For dei som fekk nok av sola var idrettshallen full av mogelegheiter. Fleire barn og føresette sto lenge i kø for å prøva ansiktsmåling. Ei av dei var Adele Huse Grimstvedt som fekk flotte blomar i andletet.
Frå ein ende til ein annan var hallen full av buer med kunst, handverk, mat og underhaldning. Inst i eit hjørne sto det fleire modellfly frå Haugaland modellflyklubb.
— Me skal ha show seinare i dag på grasbana, sa Adrian Landmark, modellflygar.
Han hadde sett opp ei datamaskin kor dei som ynskte fekk prøva ein flysimulator. Leon Bråtveit Økland tok seg ein flygetur medan kamerat Jens Olav Halleraker såg på.
Grunna noko sterk vind var ikkje Landmark sikker på om det vart mogeleg å bruka alle flya.
— Den eine er ein «Dauntless», ein modell av ein amerikansk stupbombar får andre verdskrig. Det er litt for tung til å fly i denne vinden, sa han.
Flinke frivillige
Når marknaden er over og alt er pakka ned, sit arrangørane att med ei god kjensle i kroppen.
— Det verka som dei fleste kosa seg. Me var veldig heldige med vêret. Ikkje for varmt, for kaldt og ikkje regn! Seier Lilly Helland.
Kasseraren for Sveio skulekorps er nøgd med korleis det gjekk.
— Me hadde rundt 3.000 besøkande i løpet av helga, seier ho.
Ho er imponert over kva dei har fått til, og gjev ros til dei som stilte opp.
— Det at 50 dugnadsfolk kan få til å laga ein sånn fest for 3.000, det står det litt respekt av, seier ho.
Sveio skulekorps har jobba i lang tid med å arrangere marknaden, men for Helland er det enno ikkje tid for å kvila.
— Som kasserar så byrjar jo min jobb no, ler ho.