Fleira lærarar, mellom anna ved Sveio skule, protesterte mot regjeringa si innblanding i lærarstreiken ved å melde seg ut av Arbeidarpartiet.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Fleire tillitsvalde fryktar for streikeretten
Innblandinga til regjeringa med tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken bekymrar fleire tillitsvalde i offentleg sektor. Dei fryktar for den reelle streikeretten.
VESTAVIND/NPK-NTB: Det er ikkje berre lærarar ved Sveio skule og andre utdanningsinstitusjonar som reagerer på regjeringa si innblanding i lærarstreiken som nyleg vart avslutta med tvungen lønsnemnd.
– Ein gir makt til arbeidsgivar i større grad enn det som det har vore, og tek frå arbeidstakarar moglegheit til å streike, seier Stine Westrum til Klassekampen.
Ho leier Fagforbundet Helse, sosial og velferd i Oslo, og får støtte frå Berit Tevik, som leier Fagforbundet Barn og oppvekst i Oslo.
Ho meiner streikeretten er i ferd med å bli avgrensa av at ein tek andre omsyn enn før når tvungen lønnsnemnd blir vurdert, og at regjeringa ved å gripe inn i lærarstreiken flyttar grenser for kva som kan utløyse tvungen lønnsnemnd.
– Om arbeidsgivar spekulerer i å ikkje sende dispensasjonssøknader fordi dei veit at det kan bli lønnsnemnd, kan det bli eit stort problem, seier Tevik.
Guro Elisabeth Lind leier Forskerforbundet, som er ein del av Unio. Ho peikar på fleire andre omdiskuterte inngrep og understrekar at det er viktig at lønnsnemnd berre blir brukt slik intensjonen var, for å unngå utholing av streikeretten.
Stortinget behandlar for tida forslag om å gå gjennom bruken av tvungen lønnsnemnd og både NHO og LO skriv i innspela sine at det ikkje er behov for endringar eller gjennomgang, skriv avisa.