nyhende

Fleire tente lys i solidaritet med det ukrainske folk i Sveio kyrkje fredag.FOTO: PRIVAT
Fleire tente lys i solidaritet med det ukrainske folk i Sveio kyrkje fredag.

Fleire tente lys for Ukraina

Fredag opna Sveio kyrkje dørene for alle som ønska å ha ei stille stund og tenne eit lys i medkjensle med alle som er råka av krigen i Ukraina.

Publisert Sist oppdatert

Fredag ettermiddag opna Sveio kyrkje dørene, og ein kunne tenna lys og be ei bøn for ofra i hendingane som no går føre seg i Ukraina.

Gjennom kvelden kom fleire inn for å bruka stilla til å tenna lys og be ei bøn, medan organist Leiv Rossehaug spela på orgelet.

— Vi fekk tilbakemeldinger på at dette var eit flott tiltak, seier Bent Rune Sinnes til Vestavind, laurdag føremiddag.

Det kan bli fleire ettermiddagar med open kyrkje i Sveio, i forbindelse med den pågåande krigen i Ukraina.

Når Vestavind spør om stille stunda kjem til å gjenta seg seier Sinnes, ja.

— Dette er nok noko vi kjem til å gjera igjen, utan at vi veit når.

Kvelden vart avrunda med felles opplesing av tre bøner.

Powered by Labrador CMS