nyhende

Jostein Salemonsen er politikontakt for Sveio kommune.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Jostein Salemonsen er politikontakt for Sveio kommune.

Fleire sveibuar svindla på nettet

Sveibuen kan sjå tilbake på eit nokså roleg år når det kjem til kriminalitet. Dei fleste lovbrota i kommunen i 2022 handla om trafikk. Men nokre få personar har også opplevd alvorleg kriminalitet.

Publisert Sist oppdatert

Politiet registrerte 238 saker i året som gjekk i Sveio kommune, mot 230 året før.

I statistikken er alle saker talt opp, frå ulovleg maskevidd på fiskereiskap til drapsforsøk og arbeidsulykke. Men det er heldigvis langt mellom dei mest alvorlege sakene i kommunen.

Drapsforsøk

Den mest alvorlege hendinga var arbeidsulykka i Valevåg, kor ein 24 år gammal mann mista livet i eit ras i eit steinbrot. Det var også eit drapsforsøk i fjor, og éi sak handlar  om eit seksuelt overgrep mot ein mindreårig person. Nokre få sveibuar er også utsett for både trugsmål og bedrageri.

— Det har vore relativt få alvorlege saker. Men for den enkelte som blir ramma av kriminalitet opplevast det sjølvsagt alvorleg og kjedeleg, seier Jostein Salemonsen. Han er politikontakt for Sveio kommune. Det betyr at han er politistasjonssjefen i Haugesund sin forlenga arm og kontaktpunkt for politispørsmål i Sveio.

Flest trafikk-saker

Krimsakene det er mest av i Sveio handlar om brot på vegtrafikklova. Som til dømes fartsoverskridingar, det å ikkje å følgje skiltreglar – og om ruskøyring.

— Det er ikkje unaturleg at det blir ein del trafikk-saker, all den tid E39 går gjennom kommunen, seier Salemonsen.

Narkotikasaker er det få av, berre fem i statistikken.

— At talet på narkotikasaker er lågt, har samanheng med at det frå politisk hald har kome signal om at ein skal sjå annleis på den type lovbrot. Då bruker heller ikkje politiet så mykje tid på det, seier han.

Mykje av kriminaliteten i dag skjer på internett. Og dei fleste sakene som handlar om bedrageri, er knytt til internett og fornærma som er blitt lurt for pengar.

— Måla til bedragarane på nett er ofte eldre menneskje, typisk femti år og oppover. Det handlar om å få tilgang til bankkontoar, og dei fornærma er ofte menneskje som har avgrensa digital kunnskap, seier han.

Lite ungdomskriminalitet

Det er lite ungdomskriminalitet i Sveio. I fjor var det nokre få enkeltsaker, der skule og barnevern vart kopla på. Elles er uønskt språkbruk blant unge eit tema i samarbeidet mellom kommunen og politiet.

— 12-14 åringar opplev å bli kalla for både «hore» og «homo» i vendingar kor det er meint for å såre og ramme dei fornærma, seier han.

Han peikar på at mange brukar slik uttrykk utan at dei tek inn over ser kva betydning orda har, og minner også om at hatefulle ytringar er straffbare.

— Det er til dømes ikkje lov å kome med hatefulle ytringar knytt til etnisitet, religion, legning eller kjønn, seier han.

— Kva skal ein gjere om ein opplev å bli utsett for det som kan vere hatefulle ytringar, til dømes på nett?

— Då bør ein kontakta vaksenpersonar, enten foreldre eller lærarar, eventuelt politiet seier han.

— Trygt og greitt i Sveio

Når det kjem til ungdom er det òg eit anna fenomen som uroar politiet. Det er såkalla vaping, det vil seie bruk av elektroniske sigarettar, som kan kjøpast med forskjellige smakar. Ifølgje Salemonsen ser dei fleire mindreårige som brukar dette.

— Det er eit rusmiddel, og det er 18 års aldersgrense, minner han om.

Når 2022 skal summerast opp, så er altså hovudinntrykket at det er lite kriminalitet i kommunen.

— Slik sett er Sveio ein trygg og grei kommune å bu og vekse opp i, slår Salemonsen fast.

Powered by Labrador CMS