nyhende

Hanaleite industriområde. Uteidyll vil ha utstilling i det nyaste bygget, som er til høgre i bildet.
Her på Hanaleite kan det kome ei ny næring, i skogen nederst til høgre.

Fleire sveibuar har skaffa seg arbeid

Talet på heilt arbeidsledige i Sveio er stadig på veg ned. Samtidig er det ei svak auke i regionen.

Publisert Sist oppdatert

28 personar i Sveio kommune, ein nedgong på 6 frå juni, er registrerte som heilt arbeidsledige. I prosent er det 1,0 av abeidsstyrken i kommunen.

Fleire ledige i regionen

I juli står 1,2 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein oppgang på ti personar i høve juni månad og 373 færre enn juli året før.

— Det er normale sesongvariasjonar som ligg til grunn for auken blant dei heilt ledige. I ferietida er det generelt lågare aktivitet i arbeidsmarknaden. Heile arbeidssøkarbeholdninga ser me likevel er redusert med 77 personar frå juni til juli, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland, i ei pressemelding.

Håvard Lægreid er leir for Nav region Sunnhordland.

I Sunnhordlandvar det i juli lågast arbeidsløyse i Etne, Tysnes og Kvinnherad (alle 0,9 %).

Snittet for heile Sunnhordland er på 1,2 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland(1,6 prosent)og landet(1,7 prosent).

I regionsenteret Haugesund går ledigheita svakt opp, til 2,0 prosent melder NAV i Rogaland.

Over halvparten er langtidsledige

Av dei totalt 355 personane som i dag står heilt ledige har over halvparten (53 %) stått ledig i meir enn 26 veker. Det var lyst ut 232 ledige stillingar i juli.

— Det er ein god arbeidmarknad me no er vitne til. Likevel ser det ut til at verksemdene sin ønska kompetanse ikkje samsvarar med kompetansen hjå dei som i dag har vore ledig over ein periode. NAV sin innsats skal rettast mot mellom anna dei som har stått lenge ledig, seier Håvard Lægreid.

Tala viser kor mange personar som er heilt ledige i Sunnhordland.

Powered by Labrador CMS