nyhende
Fleire studentar kjøper bustad
Ein analyse viser kor lønnsamt det er å eige bustad. Fleire studentar går no saman for å kjøpe, men studentorganisasjonen ber heller om fleire studentbustader, der det framleis er kø.
Ifølge DNB i Stavanger har det vore ein auke i bustadkjøparar mellom 18 og 25 år så langt i år. Reidar Brusletten i Eiendomsmegler 1 Sør-Noreg trur det er ein konsekvens av dei auka leigeprisane.
– Fleire studentar går saman om kjøp av større leilegheiter med 2–3 soverom, med plan om å leige ut det siste soverommet, seier han til NRK.
Sjeføkonom i SpareBank 1 Sør-Noreg, Kyrre Knudsen, har utarbeidd ein analyse som har sett på leige kontra kjøpe for studentar.
Om du kjøper ein bustad og leiger ut eit rom for marknadspris og det er ein 4 prosent prisstigning kvart år, vil du ifølge analysen til Knudsen tene pengar i alle storbyane i Noreg.
– Om du ikkje får hjelp frå foreldre må du enten ha vore flink til å spare på førehand, eller så må du ha ein veldig god plan for å klare det månad for månad, seier han.
Leiar i Studentorganisasjonen i Stavanger (Stor), Knut Solvig, påpeikar at dette er noko dei færraste av studentar kan. Han meiner studentane heller har behov for at det blir bygd fleire studentbustadar.
– Det står framleis fleire i kø til studentbustadane her i Stavanger.