nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre er glad for gode sysselsettingstal. Tysdag opnar han Arbeidarpartiets landsstyremøte. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre er glad for gode sysselsettingstal. Tysdag opnar han Arbeidarpartiets landsstyremøte.

Fleire som har stått utanfor, kjem ut i jobb

Publisert Sist oppdatert
Sysselsetjinga aukar meir enn arbeidsløysa går ned. Det kan tyde på at fleire som har stått utanfor arbeidsmarknaden, no kjem seg i jobb.

Den siste tida har sysselsetjinga auka meir enn det arbeidsløysa har falle, viser tal frå Noregs Banks pengepolitiske rapport. Det tyder på at fleire som har stått utanfor arbeidsmarknaden, har komme i jobb, meiner Statsministerens kontor.

I fjerde kvartal 2021 auka andelen av befolkninga som er sysselsett, til det høgaste nivået sidan 2009.

I januar auka den samla sysselsetjinga vidare med 7.500 personar, trass i fall i sysselsetjinga i næringar som vart ramma av smitteverntiltak.

– Tala viser at det er mykje i norsk økonomi som går bra, og at aktiviteten er høg, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Vil gi flyktningar jobb

Trass uvissa som følgjer krigen i Ukraina, ser det ut til at oppgangen i norsk økonomi held fram, trur sentralbanken. Mange bedrifter slit allereie med å få tak i folk.

Også flyktningkrisa krev fleire hender i jobb. Ifølgje statsministeren er det viktig å styrkje kommunane som står i første linje for både mottak og integrering.

– Vi kjem òg til å trenge dei frivillige på lag – som ofte kjem til der det offentlege tilbodet sluttar, seier Støre.

Han opnar også for å fylle hola i arbeidsmarknaden med nettopp ukrainske flyktningar.

– Mange flyktningar som kjem, har ønske om og moglegheit til å jobbe. Dei kan gå i jobb frå dag éin, seier statsministeren.

– Dei har fordelar ved språk og kunnskap om situasjonen i landet dei kjem frå som gjer at også nokon kan gjere eit viktig bidrag i arbeidet med å gi andre flyktningar ein god start i Noreg, seier han.

Landsstyremøte

Tysdag held Arbeidarpartiet landsstyremøte. Der er det venta at Støre vil snakke om korleis partiet og regjeringa skal forvalte den venta økonomiske veksten.

– Vi må bruke denne historiske moglegheita vi har no med låg arbeidsløyse og stor etterspurnad etter arbeidskraft, til å få dei utanfor arbeidslivet inn i jobb, seier Støre.

– Å ha ein jobb gir folk ei lønn å leve av og deltaking i eit fellesskap. I tillegg er det god samfunnsøkonomi. Å få fleire inn i arbeid er derfor det aller viktigaste vi gjer både for den enkelte og samfunnet. I fleire år fall delen som er i jobb, no aukar den raskt, seier han.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS