nyhende
Fleire søkjarar til legestillingar
Så langt har det meldt seg to søkjar til dei tre legestillingane som er utlyste i Sveio. Søknadsfristen går ut søndag.
– Me håpar det skal koma fleire søknader like før fristen går ut slik det ofte pleiar skje, sa kommunalsjef i helse- og omsorgssektoren Kjartan Eidsvåg fredag.
Tysdag morgon stadfestar personalleiar Monica Hovda Madsen at det har kome fleire søknadar innan fristen gjekk ut. Kor mange vil ho ikkje seia noko om før søknadslista er klar mot slutten av veka.
Kommunen søkjer etter ny kommuneoverlege knytt til kontoret i Sveio sentrum og to legar ved kontoret i Førde. Den eine legen som har sagt opp i Førde, sluttar ved utgangen av november. I den andre stillinga har det vore fleire vikarar sidan Jens Aksdal slutta.
– Me har vikar i stillinga no også og har dermed full legedekning. Me må også rekna med ein del vikarbruk i tida framover, og trur det skal vera mogleg å skaffa vikarar. Men dette kostar kommunen dyrt, seier Eidsvåg.
Eidsvåg vil ikkje seia noko om dei to søkjarane som har meldt seg, heller ikkje kva stillingar dei har søkt. Og han kan ikkje seia noko om når desse eventuelt kan vera på plass om dei blir tilsette.
– Når søknadsfristen er ute blir det fortløpande intervju med søkjarane for å avklara om dei er aktuelle for oss eller om me må lysa ut på nytt, seier kommunalsjefen.