NPK-NTB: Funnet overraskar organisasjonsdirektør Hilde Christiansen, som leia prosjektet, skriv Bergens Tidende.
– Biletet vi ser stemmer dårleg med påstanden om at sjukepleiarar sluttar oftare no enn før. Vi finn ikkje det, sjølv etter to krevjande år med pandemi, seier Christiansen.
Rett nok var det ein oppgang i 2021, men fråfallet var likevel ikkje høgare enn to år tidlegare. Helseregionen har sett på perioden frå 2015 og fram til i fjor. Det første året valde 6,6 prosent av sjukepleiarane å forlate sjukehuset dei jobba på. Seks år seinare var andelen 5,7 prosent.
Christiansen seier kunnskapen frå rapporten bør brukast i dei enkelte fagmiljøa til å sikre rett kapasitet, kompetanse og bemanning for framtida.
Ho er spesielt oppteken av fråfallet blant dei med fire til sju års ansiennitet.
– Dette er medarbeidarar med verdifull erfaring som er i den alderen at dei må kombinere jobben med små barn. Då må vi spørje oss om vi kan gjere noko med vaktordningar og arbeidstid. Alle treng til dømes ikkje starte klokka sju om morgonen på dagvakt, seier ho.