nyhende

Hjortebukkar i Sveio.ARKIVFOTO: KAARE GAARDER
Hjortebukkar i Sveio.

Fleire meld for ulovleg hjortejakt

I løpet av ein periode i november kontrollerte Sør-Vest politidistrikt, i samarbeid med Statens Naturoppsyn, ei rekkje hjortejegerar på Haugalandet. Målet var å førebygga og avdekka eventuelle brot på regelverket.

– Dei fleste jegerar er oppteken av å forhalda seg til lovverket, men vi veit òg at det er personar og miljø som jaktar ulovleg. Det kan vera ved å bruka ulovleg våpen og utstyr, at det blir jakta utan løyvet til grunneigar, eller skytast fleire dyr enn tal løyver, seier politifagleg etterforskingsleiar ved seksjon for Nordsjø og Miljø i Sør-Vest politidistrikt, Sjur Stava.

Nattoptikk er ikkje tillaten ved ordinær jakt

I ei pressemelding frå Sør-Vest politidistrikt går det fram at fleire jegerar gav under kontrollen uttrykk for at dei trudde det var tillate å bruka termisk optikk, såkalla nattoptikk, under ordinær jakt.

– Dette er eit tema som er mykje diskuterte i jegermiljø dei seinare år, og politiet er kjent med at mange har slikt utstyr, seier Stava. Han presiserer at Miljødirektoratet og Landbruks- og Matdepartementet er tydelege på at den typen optikk ikkje er lov å bruka ved ordinær jakt, jamfør paragrafen i viltlova 20.

– Jegerar som vel å bruka nattoptikk under ordinær jakt risikerer å bli meldt, seier etterforskingsleiaren.

Krav om trygg transport av våpen

Ein av hjortejegarane politiet kontrollerte sat med eit modifisert våpen med påmontert nattoptikk, lett tilgjengeleg i bil. Jegeren er meld og saka er under etterforsking.

– Køyrer ein bil med jaktvåpen skal våpen vera utilgjengelege for førar og passasjer. Våpenet skal òg vera tildekt og sjølvsagt tømt for ammunisjon, presiserer Stava.

I etterkant av kontrollen har politiet i tillegg oppretta melding for brot på dyrevelferdslova. Brot på lovverket kan føra til rettigheitstap for jakt for ein kort eller lengre periode, tilbakekall av våpenløyve, og dessutan inndraging av våpen og anna utstyr brukt i samband med regelbrotet.

Avviser ikkje fleire kontrollar

Politiet og Statens Naturoppsyn ønskjer å bidra til gode haldningar til jakt og våpenbruk, og opplevde at jegerar òg var positive til at det vart gjort kontroll.

– Det er ikkje avvist at me kjem til å ha fleire rundar med denne typen kontrollar i distriktet, avsluttar Stava.

Powered by Labrador CMS