nyhende
Fleire manglar og tre bruksforbod
Statens vegvesen gjennomførte tysdag kontroll av lette køyretøy i Sveio, med særleg fokus på bilbelte. 25 køyretøy blei kontrollerte.
Resultatet av kontrollen blei ei melding til politiet, ein rapport til samferdselsstyresmaktene i fylkeskommunen, tre bruksforbod, åtte skriftlege pålegg på grunn av tekniske manglar, eitt gebyr for bruk av piggdekk og fire andre gebyr. Ingen braut reglane om bilbeltebruk.
Bilføraren som blei meldt til politiet, køyrde med tilhengar utan å ha sett i tilhengarkontakten. Her blei det også ilagt bruksforbod. Dei to andre bruksforboda gjaldt motorsyklar med for mykje støy.
I tillegg til piggdekkgebyret fekk fire førarar gebyr fordi dei ikkje hadde med seg vognkort under køyreturen.
Ein drosjesjåfør som blei kontrollert, hadde mangel ved kjøreseddel. Dette blei rapportert til fylkeskommunen sine samferdselsstyresmakter.
Dei åtte tekniske manglane er ikkje nærare omtalte i pressemeldinga som Statens vegvesen har sendt ut etter kontrollen i Sveio.