nyhende
Fleire langustar oppdaga langs kysten
Etter overfiske i Europa for over 40 år sidan, har krepsdyret langust dukka opp langs norskekysten igjen.
– Det er ikkje ein sensasjon at han dukkar opp, men det er veldig spennande, seier havforskar Gro van der Meeren ved Havforskingsinstituttet.
Langust er eit fargerikt krepsdyr som i utgangspunktet held til lenger sør i Europa. Han minner litt om hummar utan klør. I staden for klør har langusten kraftige og godt utvikla bein, og han brukar dei lange, piggete antennene sine til forsvar.
Tips gjerne Vestavind om du har sett eller fanga langust i Sveio.
Sporadisk mellom Romsdal og Jæren
Sjølv om langust ikkje er eit vanleg syn her i landet, er det ingen framandart. Langusten lever naturleg heilt opp i den engelske kanal og nord i Atlanterhavet til Skottland, ifølgje Havforskingsinstituttet sine nettsider.
Sist månad dukka det opp ein langust på Sunnmøre. I desember 2024 vart to nye funn registrerte i prosjektet Dugnad for havet. Ein vart fanga i garn på 70 meters djupne utanfor Stadlandet, og sportsdykkarar fann ein annan i Ålesund. I tillegg vart ein funnen i Øygarden utanfor Bergen i november.
Langusten er ein sjeldan gjest langs norskekysten, men har sporadisk dukka opp mellom Jæren og Romsdal. For å kome hit, «haikar» larvane med straumane. I Atlanterhavet varar inkubasjonen normalt i ni månader. Med klekking tidleg på sommaren og varm overflatevatn, kan han nå langt om at han kjem med havstraumane
Nedfiska på 60-talet
Langusten vart hardt fiska på i Europa på 1960-talet og forsvann frå mange europeiske havområde. Først etter lang tid med freding kom dei første teikna på betring, med fleire nyetablerte lokale bestandar i Irskesjøen. Då hadde dei vore borte i over 40 år.
– Heilt nord i Skottland har det vore små bestandar sidan, som kanskje har vore kjelda til reetableringa lenger sør, seier Gro van der Meeren.
Ho meiner at med varmt overflatevatn, vil larvane også i større grad kunne overleve rundt i Nordsjøen og med Atlanterhavsvatn direkte inn mot norskekysten.