nyhende

Fleire klager på steinmassar

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune har av fleire innbyggjarar i Mølstrevåg fått melding om steinmassar og asfalt i eit byggjefelt. Den eine grunneigaren viser til at det ikkje føreligg nabovarsel for massesamlinga, som tar av utsikta til vedkommande.

Ein annan grunneigar meiner at steinfyllinga, som er 12 meter høg, kjem frå Ølen Betong AS. Det blir etterlyst miljøomsyn i det ellers naturskjønne området, som ligg på ein skrent ned mot sjøen. I tillegg blir det henvist til gamlevegen, som snart er begravd.

Me høyrer med Sveio kommune for å finna ut korleis dei stiller seg til meldingane frå innbyggjarane, som ber om at massane blir tatt bort.

– Saka er for tida under handsaming. Det blei i 2016 opna for at den aktuelle staden kan nyttast til mellomlagring av massar, og det har derfor blitt lagra massar her sidan den tid, kommenterer Åge Mikael Hjellestad, rådgjevar byggesak.

Powered by Labrador CMS