nyhende
Fleire jegerar i Noreg – men færre av dei jaktar
Nordmenn har jakta i 12.000 år. I dag er det fleire med jaktrett som ikkje går på jakt, enn som jaktar. Årsaka kan vere større krav til jegeren.
Den norske jegeren har endra seg dei siste 21 åra, går det fram av Jegerregisteret – som er ei oversikt over personar som har kvalifisert seg til å drive jakt i Noreg.
For det første har det blitt fleire. Auken i registrerte jegerar frå 2001 til 2022 er på 172.000 jegerar, eller nesten 50 prosent.
For det andre har alderen auka. Sidan jaktåret 2001–2002 år har det blitt fleire jegerar over 30 år, medan det har blitt færre under 30.
Fleire kvinner med jaktrett
For det tredje har det blitt fleire kvinner med jaktrett. Kvinnedelen i Jegerregisteret har dobla seg sidan tusenårsskiftet.
Noko anna som har endra seg er at jegeren for det meste ikkje jaktar.
Espen Farstad, informasjonssjef i Norges Jeger og Fiskerforbund, seier organisasjonen har gått frå 37.000 medlemmer i 1974, til over 120.000 i 2023.
– Å ha fleire jegerar i Noreg er ei god utvikling for å ta vare på dyrevelferda. Den viktigaste motoren i dette er jegerprøva. Men vi ser at vi har hatt ein nedgang i talet på jegerar som faktisk går på jakt.
Blir stilt større krav
Alle som skal drive med jakt i Noreg må først bestå jegerprøva. Etter det må dei betale ei avgift til staten kvart år dei skal jakte.
I same periode som talet på registrerte jegerar nesten har dobla seg, har talet på jegerar som har betalt jegeravgift auka med to prosent, frå 188.646 til 192.715 personar mellom 2001 og 2022.
Mellom 10.000-12.000 personar tek jegerprøva i Noreg kvart år. Om lag 80 prosent gjer det gjennom Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).
Farstad i NJFF seier det blir stilt større krav til jegeren no enn før. Jegerprøva blei for første gong innført som obligatorisk i 1986.
Halvparten jaktar første jaktår
På litt over 20 år har kvinnedelen i jegerregisteret dobla seg. No er kvar tredje person som tek jegerprøva kvinne. Likevel er det nesten berre halvparten av desse kvinnene som faktisk går på jakt. Blant menn er det no færre som betalar jegeravgift, enn for 21 år sidan.
NJFF har tidlegare uttalt at halvparten av dei som tek jegerprøva, ikkje jaktar i det heile, det første jaktåret.
Farstad seier mengda nye jegerar som jaktar aukar for kvart år som går etter at dei har teke jegerprøva.
– Å bli jeger er ein prosess. Det kan vere hindringar første året som gjer at ein ikkje kjem seg på jakt. Blant anna er det vanleg å ta jegerprøva på vinteren eller våren, og til dømes er det ventetid på 33 veker i Innlandet på behandling av våpenløyve hos politiet etter bestått prøve. Det gjer at mange ikkje kjem seg på jakt første hausten.
Tjuvjakt?
Kan det vere at fleire jegerar vel å jakte, utan å betale jegeravgift eller melde inn jakta i etterkant? Ikkje ifølgje Knut Morten Vangen. Han er leiar i viltseksjonen i Miljødirektoratet. Dei har ansvar for rettleiing om regelverk og opplæring for jakt.
– Vi har ingen grunn til å tru at det er mykje tjuvjakt. I jegerregisteret blir jegerane ført opp med namn som blir akkumulert over tid. Har du hamna i registeret, står du der til du døyr. Har du bestått jegerprøva, men oppdagar at jakt ikkje er noko for deg, står du framleis i jegerregisteret til du døyr, fortel Vangen.
134.000 rapporterte i førre jaktsesong at dei hadde jakta.
– Det er ikkje realistisk å tru at talet på aktive jegerar skal auke proporsjonalt med talet registrerte jegerar. Aktive jegerar har vore stabilt i 20-årsperioden.
Treng meir praksis
Norsk institutt for naturforsking (NINA) har på oppdrag frå NJFF sett på kvifor det er mange jegerar som ikkje går på jakt.
I ein studie frå 2023, fastslår NINA at tilgang til våpen er ein større barriere no enn før. Dette har truleg samanheng med strengare krav til oppbevaring av våpen. Fleire nye jegerar føler òg på usikkerheit for å jakte. NINA foreslår i studien at praktisk jaktopplæring etter jegerprøva vil gjere nye jegerar tryggare på jakt, og komme over barrieren for å dra på jakt aleine.
I studien kom det fram at nye jegerar etterlyser opplærings- og introjakt og mentorordningar.
Fleire kjem frå byar
NINA fann at kvinner i større grad enn menn har behov for kunnskap om jakt og våpen, og for oppfølging etter jegerprøveeksamen, for å drive jakt.
Tidlegare vaks dei fleste jegerar opp i familiar som dreiv med jakt. No er det fleire utan jaktbakgrunn som tek jegerprøva, og fleire er frå byar. Det aukar behovet for opplæring, både teoretisk og praktisk, seier Farstad.
– Jegerprøva er teori. Ho handlar om moral, etikk og våpenhandtering. Den praktiske jaktutøvinga er noko anna.
Den nye jegeren
Dei siste åra har NJFF tilbydd «introjakt» for å rekruttere fleire nye jegerar til å halde fram med jakt.
– Det er som førarprøva for bil. Etter bestått teoriprøve, må ein ha praksiskøyring. Vi ønskjer å tilby dette i eit trygt miljø gjennom introjakta.
Farstad har jobba i NJFF i 35 år. Han meiner at fleire kvinner og folk frå byane, har gjort at den gjengse jegeren har endra seg til å bli meir audmjuk overfor jakt.
– Før var det vanleg at ein jeger hang opp ein vegg av dei ryper han hadde skote og var stolt av det. Om eg hadde lagt ut eit slikt bilete i dag, hadde eg fått juling. Jegerar i dag er glade for å kunne hauste av eit overskot. Når det blir annonsert freding av ryper, er det jegerane som blir glade.
Forvaltarar
Han meiner òg at å ha mange jegerar i Noreg, gjer at fleire får kjennskap til naturen og interesse for å ta vare på han.
– Det var jakt på reinsdyr som gjorde at vi kom til Noreg etter istida. Jegerane i dag er forvaltarar av ein haustekultur som går 10.000 år tilbake i tid. Dei fleste nordmenn kjenner ein jeger og et viltkjøt kvart år. At vi har ei slik tilnærming og kjennskap til naturen, gjer at vi evnar å føre han vidare.