NPK-NTB: I 2020–21 vart det inngått 24.500 nye lærekontraktar. Det er 2.400 fleire enn året før, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.
Koronapandemien gjorde det vanskelegare for ungdom å få læreplass i 2020, men no peikar pilene oppover igjen. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det vart inngått 24.500 nye lærekontraktar i 2020–21, som er 2.400 fleire enn året før.
Det er òg fleire enn i åra før pandemien.
– Noreg treng fleire fagarbeidarar, og vi må sørgje for at fleire vel å ta fagbrev i åra framover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.
Ho seier regjeringa derfor vil styrkje arbeidet for fleire læreplassar med 370 millionar i 2022.
Andelen som får læreplass var høgast i Vestland, Troms og Finnmark med 83 prosent, medan Vestfold og Telemark hadde lågast med 71 prosent. Flest fekk læreplass innan bygg og anleggsteknikk (87 prosent), medan 69 prosent fekk plass innan helse- og oppvekstfag.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vil Noreg mangle i underkant av 90.000 fagarbeidarar fram mot 2035.
– Skal vi lykkast med å få fleire yrkesfagelevar til å fullføre med eit fag- eller sveinebrev, er det viktig at fylkeskommunane og partane i arbeidslivet samarbeider om satsinga for fleire læreplassar, seier Brenna.
(©NPK)