nyhende

Rundt 50 millionar menneske har i dag demens, og Alzheimers sjukdom er den vanliegaste forma.Foto: Frank May / NTB / NPK
Rundt 50 millionar menneske har i dag demens, og Alzheimers sjukdom er den vanliegaste forma.

Fleire får demens, men risikoen søkk

Fleire enn før får demens, men risikoen for kvar enkelt minkar. Ein 90-åring i dag har lågare risiko enn for 20 år sidan.

Publisert Sist oppdatert

– Det handlar sannsynlegvis om høgare utdanningsnivå og endra livsstil, fortel Geir Selbæk, forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse, i podkasten Om aldring.

Han peikar samtidig på at forskinga møter fleire utfordringar, særleg etiske og praktiske avgrensingar.

– Ein kan ikkje halde folk i to grupper i 20–30 år for å sjekke effekten av for eksempel røyking på demens. Det er etisk og økonomisk umogleg, seier han.

Forskarar bruker derfor observasjonsstudiar, men her kan deltakarane pynte på sanninga om eigen livsstil.

– Vi seier vi drikk mindre alkohol, røyker mindre, og er meir fysisk aktive enn vi eigentleg er, seier Selbæk.

I tillegg er det ofte uklart kva som er årsak og verknad, som med depresjon og demens:

– Er det slik at depresjon aukar risikoen for demens, eller at begynnande demens fører til depressive symptom? spør Selbæk.

Ei anna utfordring er risikoen for feildiagnosar fordi store studiar ikkje alltid kan undersøke deltakarane grundig nok. Derfor trengst fleire studiar som peikar i same retning for å trekke sikre konklusjonar.

Selbæk understrekar også at resultata ikkje alltid kan overførast direkte til enkeltpersonar.

– Mange har levd sunt, men får likevel demens, seier han, og oppfordrar styremaktene til å legge til rette for at folk lettare kan ta sunne val.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS