nyhende
Fleire elevar blir mobba i skulen
Over åtte av ti elevar trivst på skulen, men delen elevar som opplever mobbing, aukar på alle trinn. Det viser tal frå Elevundersøkelsen 2022.
Undersøkinga viser mellom anna at digital mobbing aukar på 7. og 10. trinn, at mobbing er mest utbreidd blant jenter på 7. trinn og at mange elevar har vorte mobba av vaksne.
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier mobbetala i undersøkinga er alvorlege.
– Den klare beskjeden min til alle som jobbar med barn i skulane våre er at dei må gå inn i tala og diskutere korleis ein kan jobbe med eit godt og trygt skulemiljø på skulen sin. Elevane har krav på eit trygt skulemiljø, seier Brenna i ei pressemelding.
Fleire jenter enn gutar opplever mobbing
Tala viser at mobbing er mest utbreidd blant dei yngste elevane. På 7. trinn svarer 9,9 prosent av elevane at dei har vorte mobba, ein auke på 2 prosentpoeng samanlikna med året før.
På 10. trinn er auken 1,7 prosentpoeng. Her oppgir 7,4 prosent av elevane at dei har vorte mobba på skulen i 2022. På VG1 aukar andelen med 0,9 prosentpoeng, frå 3,3 til 4,2 prosent.
På 7. trinn er det flest jenter som har opplevd mobbing, medan like mange jenter som gutar svarer at dei har opplevd mobbing på 10. trinn. På VG1 er det litt fleire gutar enn jenter som opplever mobbing.
Gjennomgåande er det også fleire gutar enn jenter som opplever å bli mobba av vaksne på skulen.
Digital mobbing aukar
Frå 2016 til 2019 var det fleire elevar på 10. trinn enn på 7. trinn som opplevde å bli mobba digitalt, men denne trenden har no snudd.
Delen elevar på 7. trinn som har opplevd digital mobbing er nesten dobla sidan 2017.
I fjor svarte 3,8 prosent av elevane på 7. trinn at dei har opplever digital mobbing, og 3 prosent på 10. trinn. Delen er klart lågare på VG1, der 1,7 prosent svarer at dei har opplevd digital mobbing.
Varierer på tvers av fylka
Andelen elevar som oppgir at dei blir mobba varierer på tvers av fylka.
Det er Nordland som er fylket med høgast del elevar som fortel om mobbing på 7. trinn, men er saman med Rogaland fylket med lågast andel på VG1.
Størst del elevar på 10. trinn som svarer at dei har vorte mobba er i Vestfold og Telemark, medan Møre og Romsdal har den lågaste.
Oslo har den høgaste delen elevar som har opplevd mobbing på VG1, men her er forskjellane mellom fylka litt mindre enn på dei to andre trinna.
På tvers av trinna, har Rogaland den lågaste delen av elevar som svarer at dei blir mobba.
– Må ta tak
Undersøkinga viser ein svak nedgang frå år til år sidan 2016 i trivsel og motivasjon på 7. trinn. Denne nedgangen ser ein også i 2022.
– Desse problema må vi ta tak i før dei blir til større utfordringar seinare i utdanningsløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.
Sjølv om dei fleste elevar trivst på skulen, seier Brenna at ho ser med bekymring på nedgangen i motivasjonen til elevane og opplevinga deira av skulemiljøet.
– For mange elevar går framleis ut av ungdomsskulen med resultat som kan gjere vegen vidare krevjande, seier kunnskapsministeren.
Trivst godt på skulen
Sjølv om fleire elevar opplever at dei blir mobba, er delen som trivst på skulen stabilt høg.
På VG1 svarer 88 prosent at dei trivst, medan 3 prosent svarer at dei «ikkje trivast noko særleg» eller «ikkje trivast i det heile tatt».
Delen som trivst på skulen, er ikkje like høg på 7. og 10. trinn, men likevel er det over åtte av ti som svarer at dei trivst godt eller svært godt også på desse trinna. Delen som ikkje trivst, er høvesvis 4 prosent og 5 prosent på 7. og 10. trinn.
Om lag 460.000 elevar svarte på undersøkinga.
(©NPK)