nyhende
Fleire digitale avislesarar
Tendensen frå fjoråret held fram. I første halvår 2024 auka talet på digitale abonnement med 13 for Vestavind sitt vedkomane.
Det totale opplaget på Vestavind gjekk ned med 55, frå 1.622 til 1.567 frå første halvår 2023 til første halvår 2024.
Dette går fram av opplagsoversikten for norske aviser som Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) presenterte tidlegare denne veka.
Lik utvikling
Utviklinga er tilsvarande i fleire av lokalavisene i regionen. Tysvær Bygdeblad hadde ein nedgang på 39 i same periode frå 2.130 til 2.091. Grannar gjekk ned med 51 frå 3.446 til 3.395.
Dei lokale vinnarane er Bømlo-Nytt og Sunnhordland. Bømlo-Nytt auka opplaget med 15, frå 3.981 til 3.996. Sunnhordland auka opplaget med 41, frå 7.265 til 7.306.
Haugesunds Avis ein nedgang på 67, frå 20.559 til 20.492. Sunnhordland auka derimot opplaget med 41, frå 7.265 til 7.306.
Stabilt på landsbasis
På landsbasis har LLA-avisene svært stabile opplagstal, går det fram av ei pressemelding som Geir K. Hus har sendt ut. Han er informasjonssjef i LLA. Dag og Tid er den LLA-avisa som går mest fram i talet på eksemplar med pluss 702 til 14.752. Prosentvis er Hallingdølen den største vinnaren med ein opplagsauke på 461 til 11.508.