Framleis er det mange bønder som aldri brukar setebelte i traktor, men talet har gått ned dei siste seks åra.Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Fleire bønder brukar setebelte i traktor
Dei siste seks åra har talet på bønder som aldri brukar setebelte i traktor, falle med rundt 40 prosent. I 2024 svarte 26 prosent at dei aldri brukar setebelte.
Dei fleste oppgir «dårleg vane» som årsaka til at dei ikkje tek på seg beltet, ifølgje ei undersøking Sentio har gjennomført for Arbeidstilsynet.
Til samanlikning svarte 43 prosent i 2018 at dei aldri brukte setebelte i traktor.
– Enkel og billig livstrygging
Arbeidstilsynet har i desse åra jobba for å auka beltebruken mellom anna gjennom eit nytt regelverk, tilsyn og samarbeid med landbruksorganisasjonane.
Direktør Ingvill Kvernmo i Arbeidstilsynet er ikkje nøgd med at éin av fire bønder framleis ikkje bruker belte.
– Å ta på seg belte sånn at ein ikkje ramlar ut av traktorhytta og får traktoren over seg, er ei enkel og billig livstrygding, seier ho.
Ho oppmodar òg familie og venner av bønder til å ta ein prat med dei.
– Det er betre at oppmodinga kjem frå dei næraste enn frå oss som statleg styresmakt, seier Kvernmo.
Skal ha setebelte
– Konsekvensane av å mista eit familiemedlem i slike tragiske ulykker er store, og ei slik alvorleg ulykke vil prega familie og gard i lang tid. I tillegg til sjølve tapet vil mange òg måtta leva vidare på ein ulykkesstad, noko som kan vera ei belastning i seg sjølv, seier ho.
Traktorar skal vera utstyrte med setebelte. Eldre traktorar utan dette, må få det ettermontert. Det kostar om lag 2.000 kroner, ifølgje Arbeidstilsynet.