nyhende
Elevundersøkinga:
Fleire blir mobba i Sveio-skulen
Dei eldste elevane i barneskulen på 5. til 7. trinn blir mest mobba, medan færre blir mobba på høgare skuletrinn, viser tal frå Elevundersøkelsen 2021. I Sveio viser tala ei auke i mobbe-problematikk, samanlikna med for eit år sidan.
Brenna seier ho har bede Utdanningsdirektoratet om meir kunnskap om tala, korleis skulane jobbar konkret med mobbing, og om skulane har dei verktøya dei treng.
Talet på elevar som melder om mobbing frå ein medelev, er høgast på 5. trinn med 10,5 prosent og går ned til 2,4 prosent på VG3.
Auke i Sveio
Tala for grunnskulane i Sveio kommune viser at 7,7 prosent av alle elevane i 7. klasse har oppgitt at dei har blitt mobba. Det er ei auke frå i fjor, då det same talet var 6,1 prosent.
Tal for 7. klasse:
I 10. klasse er mobbetala mykje lågare også i Sveio-skulen. Det er snakk om så få at utdanningsdirektoratet ikkje oppgir prosentsats av omsyn til fare for identifisering.
Tal for 10. klasse:
Det har førebels ikkje lukkast Vestavind å få ein kommentar frå Sveio kommune til undersøkinga, som vart presentert av Utdanningsdirektoratet torsdag morgon.
Pandemi tema i undersøkinga
Den årlege undersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er gjennomført blant 442.500 elevar frå 5. trinn til siste år på vidaregåande skule. Det er det lågaste talet på svar sidan 2017. Årsaka er truleg fråvær i samband med covid-19.
Nettopp innverknaden koronapandemien har på skulekvardagen er eit av spørsmåla som blir målte i undersøkinga.
Flest elevar i Oslo (68 prosent) seier seg ramma av pandemien, medan færrast vart ramma i Rogaland (57 prosent). Det er elevane på vidaregåande skule som svarer at dei er mest påverka av restriksjonane pandemien førte med seg.
– Vi veit at det har vore store forskjellar mellom ulike stader i landet når det gjeld smitte og tiltaksbyrde, seier Brenna.
Motivasjonen går ned
Sidan 2016 har Elevundersøkelsen vist ein nedgang i trivsel og motivasjon på 7. trinn, og denne nedgangen held fram.
– Eg er bekymra for at motivasjon og trivsel går ned. Desse problema må vi ta tak i før dei blir til større utfordringar seinare i utdanningsløpet, seier Brenna.
Ho viser til at regjeringa tidlegare har varsla ei ungdomsskulesatsing og at ein innsats retta mot ungdom bør inkludere både mellomtrinn, ungdomstrinn og overgangane i skuleløpet.
– Dette er noko av det viktigaste eg skal ta fatt på framover, lovar kunnskapsministeren.