nyhende

Skjermtid kan vere ein årsak til at fleire slit med hukommelsen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Skjermtid kan vere ein årsak til at fleire slit med hukommelsen.

Fleire barn slit med hukommelsen

Talet på legebesøk for hukommelsesforstyrring har auka kraftig. I aldersgruppa 5–14 år har talet tredobla seg dei siste åra.

Publisert Sist oppdatert

Ved å sjå på rapportar frå fastlegar og legevaktar over heile landet, har forskar og statistikar ved Folkehelseinstituttet (FHI), Richard Aubrey White, danna eit overblikk over kva sjukdomar som plagar oss nordmenn, skriv NRK.

I arbeidet merka White seg at det gjennom dei siste fem åra har vore ei kraftig auke i talet på legebesøk knytt til hukommelsesforstyrring. I 2019 var det registrert totalt 41.722 legebesøk, medan i 2024 var talet 98.910.

Auka gjeld i alle aldrar, inkludert barn i alderen 5–14 år. I denne aldersgruppa er det registrert ei nær tredobling i talet på legebesøk for hukommelsesforstyrringar.

– Eg har aldri opplevd ei så sterk auke i desse tala, seier White, som har jobba med sjukdomsovervakinga i snart ti år.

Ifølgje Marte Roa Syvertsen, lege ved nevrologisk avdeling og forskingssjef på Drammen sykehus, peiker fleire kurver i negativ retning for dei unge si hjernehelse. Mange unge slit psykisk og stadig fleire får ein autisme- eller ADHD-diagnose.

Syvertsen trur årsaka er samansett, men meiner skjermtid er ein viktig faktor for at unge sin hukommelse blir svekt.

White er einig i at årsaka er samansett, men introduserer òg covid som ei sannsynleg forklaring.

– Tre til seks månader etter covid-bølgjer ser vi ein auke i fastlegekonsultasjonar for hukommelsesforstyrringar. Det gir grunn til bekymring for at seinfølgjer etter covid spelar ei vesentleg rolle, seier han.

White understrekar at han uttaler seg som forskar og ikkje på vegner av arbeidsgjevaren FHI.

Powered by Labrador CMS